
50 % avtaleheimel i i psykiatri i Bergensområdet
Helse Vest RHF
- Frist 15.04.2025
- Ansettelsesform Engasjement
50 % avtaleheimel i i psykiatri i Bergensområdet
50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i psykiatri er ledig frå 01.01.2026, eller etter avtale.
Noverande praksis er lokalisert i eit kontorfellesskap i Bergen sentrum, med nærleik til offentleg kommunikasjon. Lokala er store og lyse. For tida er det i alt 7 erfarne avtalespesialistar i psykiatri som arbeider her. Det gir gode moglegheiter for drøftingar og fagleg påfyll.
Noverande innehavar ønskjer å trappe ned sin praksis i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast juni 2028.
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokale som senior, i tett samarbeide med senior. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist
- evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta
- personlege eigenskapar
- samarbeid med andre
- innretning av praksis
Arbeidsoppgåver
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. Praksisen skal ha likelydande samarbeidsavtale med Helse Bergen, som senior.
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Bergen/Betanien DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket/DPS-et ("ein-veg-inn"). Avtalespesialistane mottar pasientar frå helseføretaket/Betanien DPS.
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokale, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen. Heimelen er i dag plassert i driftstilskotsklasse 1.
Spørsmål om praksisen kan rettast til Jan Wimpelmann, tlf.: 928 60 702.
Vilkår og rammer
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.Om arbeidsgiveren
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiater
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avtalespesialist, overlege, lege, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399588332
- Sist endret