
Praksiskoordinator, campus Sogndal
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 15.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Praksiskoodinator
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent/praksiskoordinator i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal.
Om stillinga
Stillinga som praksiskoordinator vil vere knytt til administrasjon av studieprogram ved fakultetet. Hovudområda for stillinga vil vere organisering og koordinering av praksis, saksbehandling, informasjonsarbeid og samarbeid med studentar, tilsette og praksisfelt. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til arbeid med utvikling og kvalitetssikring av studieprogramma.
Stillinga er ledig i tida 01.08.2025 - 30.06.2026.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Koordinering av praksis ved utdanningar i fakultetet
- Samhandling med eksterne samarbeidspartnarar
- Arrangere og halde fysiske og digitale møte med studentar, tilsette og eksterne deltakarar
- Arbeid med avtalar, planar og retningsliner for praksis
- Informasjonsarbeid og rettleiing retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
- Sjølvstendig ansvar for sakshandsaming
- Utviklingsarbeid knytt til system, rutinar og utdanningskvalitet
- Saksførebuing til leiargrupper
Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå
- Relevant administrativ erfaring
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring frå studieadministrativt arbeid
- Erfaring frå barnehage eller skule
- Erfaring frå utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, strukturert og ansvarleg
- Løysingsorientert, fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida.
Stillinga som seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.
For særleg kvalifiserte søkjarar kan rådgivarkode vurderast. Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Studieadministrativ leiar, Eli Hilde Borsholm
Tlf.: 55 58 59 57/ 92 02 91 50
Fagansvarleg praksis, Laila Elise Vindenes
Tlf.: 55 58 59 74 / 97 56 44 28
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 630 studentar og 553 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrgata 6, 6856 Sogndal
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399616479
- Sist endret