
Overlege psykiatri
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Overlege psykiatri
Vi har no ledige faste stillingar for spesialist i vaksenpsykiatri. Seksjonen vår er ein tverrfagleg poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med moderate til alvorlege psykiske lidingar. I tillegg til utgreiing og individuelll behandling satser poliklinikken vår på kurs og gruppeterapi. Alle tilsette som ønskjer det får mogelegheit til å bidra i gruppeterapi, noko vi ser skaper ein positiv giv i heile kollegiet. Pasientane er vårt felles ansvar, og vi samarbeider godt for at den enkelte skal få god og relevant behandling.
Vi er organisert i team med dei ulike hovudoppgåvene allmennpsykiatri, AUT (avklaring og utgreiing), oppfølging (psykose og affektive lidingar), rus- og psykiatri (ROP), ambulant akutt og FACT. De utlyste stillingaene vil primært vere knytta til allmennteamet og oppfølgingsteamet, men vi går gjerne i dialog med deg dersom du har preferanser for eit anna team. Som ei eining under kontinuerleg utvikling, legg vi stor vekt på at våre medarbeidarar skal kunne utvikle seg fagleg, og å vere med på å forme framtidas behandlingstilbod. Vi ser på tilsettingen av nye kollegaer som en fin mogelegheit til å styrke både fagleg kompetanse og pasientbehandling, og gje våre tilsette rom til å bidra aktivt til den vidare utviklinga av seksjonen.
Poliklinikken vår har i dag 54,5 stillingar og er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 6 stillingar for overlege/ psykiater.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar, for tiden primært i eit av våre allmennteam
- Aktiv deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter og samarbeidsfora
- Oppfølging og behandling av pasientar med komplekse behov, inkludert samansette psykiske lidingar og rusproblematikk
- Oppfølging av enkelte pasientar som er under tvunget psykisk helsevern (TUD)
- Bidra til kvalitetsforbetringsarbeid og utvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod
- Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta, studentar og øvrige tilsette i poliklinikken
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og eit fagleg utviklande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med godkjent spesialist i psykiatri
- Erfaring frå poliklinisk arbeid er ønskjeleg
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- LIS som har mindre enn 1 år igjen av spesialiseringa kan også søkje
- Anna relevant spesialitet kan også kome i betraktning
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivast med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i tverrfaglege team
- Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Du har evnen til å stimulere og motivere kollegaer og bidra til fagleg utvikling i teamet
- Du er ein person som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har stor interesse for fagleg utvikling
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit stimulerande og variert arbeid i eit fagleg sterkt og tverrfagleg team
- Store mogelegheiter for fagleg utvikling innanfor fleire spennande områder
- Gode mogelegheiter for spesialisering, internundervisning og deltaking på nasjonale og internasjonale kongressar
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med eit sterkt fokus på samarbeid og kunnskapsdeling
- Fleksible arbeidstidsordninger som gjør det enklere å kombinere jobb og fritid
- Rekrutteringstillegg for godkjent spesialisering
- Studiepermisjon på 4 månader kvart 5. år for spesialistar
- Tilrettelegging for rettleiing og kurs som bidrar til å vedlikehalde spesialiteten
- Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglement og tilgang på andre attraktive ordningar for helsepersonell
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår som medlem i offentleg pensjonsordning, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
- Store muligheter for faglig utvikling innenfor flere spennende områder.
- Gode muligheter for spesialisering, internundervisning og deltakelse på nasjonale og internasjonale kongresser.
- Et inkluderende og sosialt arbeidsmiljø, med et sterkt fokus på samarbeid og kunnskapsdeling.
- Fleksible arbeidstidsordninger som gjør det enklere å kombinere jobb og fritid.
- Rekrutteringstillegg for godkjent spesialisering.
- Studiepermisjon på 4 måneder hvert 5. år for spesialister.
- Tilrettelegging for veiledning og kurs som bidrar til vedlikehold av spesialiteten.
- Dekning av flytteutgifter etter gjeldende reglement og tilgang på andre attraktive ordninger for helsepersonell.
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår som medlem i offentlig pensjonsordning, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Store muligheter for faglig utvikling innenfor flere spennende områder.
Gode muligheter for spesialisering, internundervisning og deltakelse på nasjonale og internasjonale kongresser.
Et inkluderende og sosialt arbeidsmiljø, med et sterkt fokus på samarbeid og kunnskapsdeling.
Fleksible arbeidstidsordninger som gjør det enklere å kombinere jobb og fritid.
Rekrutteringstillegg for godkjent spesialisering.
Studiepermisjon på 4 måneder hvert 5. år for spesialister.
Tilrettelegging for veiledning og kurs som bidrar til vedlikehold av spesialiteten.
Dekning av flytteutgifter etter gjeldende reglement og tilgang på andre attraktive ordninger for helsepersonell.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår som medlem i offentlig pensjonsordning, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hagan 9, 6516 Kristiansund N
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege, Psykiater, Spesiallege
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399777745
- Sist endret