Er du vår nye kommunedirektør?
Bygland kommune
- Frist 27.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Kommunedirektør - Bygland kommune
Kommunedirektør i ByglandVi søkjer ein dyktig kommunedirektør som vil utvikle kommunen vidare. Ein engasjert leiar som vil stå på for at Bygland skal vere ein god stad å leve, arbeide og bu for unge og eldre. I Bygland er vi opptekne av å gjere det attraktivt for unge i etableringsfasen. Vi har fokus på framtidas næringsliv, framtidas innbyggjarar, samt å synleggjere moglegheitane.
Som kommunedirektør i Bygland vil du sørge for god styring slik at tenesteytinga er effektiv og serviceorientert. Du er bevisst rolla di og trivst i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har forståing for kommunal forvaltning, men like viktig er evne og vilje til å leia endrings- og utviklingsprosessar.
Vi ynskjer oss ein trygg, tydeleg og samlande leiar som skaper resultat gjennom samarbeid, involvering og tillit. Du gir ansvar og støttar opp slik at vi når dei målsetjingane vi har sett oss føre. Du evnar å sjå eit stykke fram i tid, men forstår òg kva vi må gjere i dag for å kome dit vi vil. Er du ein leiar med høg integritet som kan gi innhald og meining til verdiane våre; STOLT, TRUVERDIG, LØYSINGSORIENTERT og LOJAL? Likar du å vere på og ‘framme i skoa’ til beste for innbyggjarane i Bygland kommune? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Vidareutvikle og tilpassa kommunen sine tenester i dialog med politisk leiing, innbyggjarane, medarbeidarane og organisasjonane deira
- Styre økonomi og drift på ein god og effektiv måte, som sikrar driftsbalanse og økonomisk handlingsrom
- Bidra til at vi til ei kvar tid har rett organisering og fagleg kompetanse som er tilpassa arbeidsoppgåvene
- Vere engasjert og proaktiv i samspelet med næringsaktørar og samarbeidspartnarar i regionen
- Styrke omdømet vårt som ein attraktiv kommune for næringsutvikling, busetjing, oppvekst og turisme
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Kommunal erfaring er ein føremon
- Juridisk og økonomisk kompetanse er ein føremon
- Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd med dokumenterte gode resultat
- Erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid
- Forståing for samfunns- og næringsutvikling og samarbeidet mellom politikk og administrasjon
Vi ser etter deg som er:
- målretta og strukturert, og som gir ansvar – du oppnår resultat saman med medarbeidarane dine
- orientert mot framtida – du evnar å ta strategiske val ut frå dette
- systematisk – du har god evne til å ta rette prioriteringar i tråd med tildelte rammer
- god på relasjonar og samspel – du lyttar og kommuniserer på ein måte som skaper tillit
- dyktig på ta avgjerder – du har god gjennomføringsevne
- god til å finne løysingar i fastlåste situasjonar – du tar tak når det trengs
- oppteken av at vi skal ha et bra arbeidsmiljø – du bidrar med arbeidsiver og godt humør
Vi tilbyr:
- ei spennande stilling som toppleiar med moglegheiter til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet og regionen
- samansette og meiningsfylte oppgåver
- eit godt og konstruktivt samarbeidsklima mellom folkevalde og administrasjonen
- løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar
Vil du vite meir om stillinga, er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Anne Hilde Hals tlf. 982 13 005 og Øyvind Drangsland tlf. 918 32 891, eller ordførar Runar Flåt Granheim tlf. 482 03 664.
Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.
-------------------------------------------------------------------------
Som for alle andre offentlege stillingar, vil det for denne stillinga bli utarbeidd ei søkarliste som gjev informasjon om namn, kjønn, kommune og alder på alle som søkjer på stillinga. Denne søkarlista vil i utgangspunktet ikkje bli sendt ut, men vil vere offentleg og derfor tilgjengeleg for alle som ber om innsyn. Det er mogleg å søke om å sleppe å stå på den offentlege søkarlista, men krava er strenge. Ønsker du at namnet ditt ikkje skal stå på denne lista, må du krysse av og grunngje dette i det elektroniske søknadsskjemaet. Dersom søknaden ikkje blir innvilga, vil du få moglegheit til å trekke deg frå prosessen.
For å unngå bedrageriforsøk, vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.
Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Arbeidet vårt er basert på kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft. Les meir om Skagerak Consulting AS på skc.no. Følg oss gjerne på LinkedIn dersom du ønskjer å halde deg oppdatert på stillingane vi legg ut.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Sentrum 18, 4745 Bygland
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Kommunedirektør,, Toppleder, Offentlig forvaltning, kommunal ledelse
(1/11)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399783957
- Sist endret