
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Klima- og miljødepartementet
- Frist 9.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi har en ledig stilling hvor du kan arbeide med spennende naturspørsmål!
Fjellseksjonen arbeider for å vareta naturmangfaldet i fjell. Seksjonen har i tillegg ansvar for arbeidet til departementet med forvaltning av rovvilt, forvaltning av villrein, forvaltninga av ikkje-haustbare viltartar, motorferdsel i utmark, friluftsliv, reiseliv og besøkssenter for natur.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Du vil jobba med rovviltforvaltning, villreinforvaltning og annan viltforvaltning. Arbeidet inkluderer generell saksbehandling, avklaringar med andre departement og utforming av avgjerdsgrunnlag for politisk leiing. I tillegg vil du delta i utviklingsoppgåver og samfunnsøkonomiske vurderingar på ansvarsområdet til heile seksjonen, og arbeida med oppgåver på det andre ansvarsområdet til avdelinga. Du vil samarbeida tett med andre saksbehandlarar i seksjonen, avdelinga og med saksbehandlarar i andre departement.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
- Minst 2 års arbeidserfaring
- Svært gode karakterar frå høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå.
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og gode engelskkunnskapar.
- Ei rekkje oppgåver vil krevje god forståing for samanhengar mellom eige arbeidsfelt og tilgrensande fagområde i eige departement og samfunnet elles.
- Det er ønskjeleg med relevant og brei erfaring som viser at ein har arbeidd med ulike oppgåver, gjerne med erfaring innanfor miljøforvaltning.
Stillinga krev at du kan bli autorisert etter sikkerheitslova på nivå BEGRENSET. Vil du vite meir kan du gå inn på nsm.no
For å lukkast i stillinga må du:
- ha gode analytiske eigenskapar og evna til nytenking og strukturert arbeid
- ha gode samarbeidseigenskapar og evna til å finna gode løysingar ved interessemotsetningar
- forstå rolla som embetsverk for ei politisk leiing
- sette deg raskt inn i nye problemstillingar og levere under tidspress
- ha evne til å arbeida sjølvstendig og kunne ta eigne avgjerder
Kvifor skal du jobbe hos oss?
Hos oss får du store moglegheiter for læring og utvikling. Du vil bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte og få eit unikt høve til å gi faglege råd til politisk leiing. Vi har eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin. Klima- og miljødepartementet gir gode moglegheiter for utvikling, og vi er opptekne av at alle skal ha eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr eit breitt spekter av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida i veka. Dei moderne lokala våre ligg sentralt i Oslo, med takterrasse, eiga sykkelparkering, og det er kort veg til offentleg transport. Vi heiar på fellesskap og samarbeid på tvers.
Les meir om å jobba i KLD. (https://www.regjeringen.no/no/dep/kld/stillinger/Jobbe-i-Klima--og-miljodepartementet/innsiktsartikler-jobbe-i-kld/mot-vare-medarbeidere/id2005908/)
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi har gode moglegheiter for tilrettelegging. Kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkje.
Lønn:
- Årslønn for rådgjevar: fra kr 600 000 - 730 000.
- Årslønn for seniorrådgjevar: fra kr 660 000 - 880 000
Avhengig av dine kvalifikasjonar og år med relevant arbeidserfaring vil du bli tilsett som rådgjevar eller seniorrådgjevar, jf. personal- og lønnspolitikken i departementet. Som ein hovudregel blir det kravd minimum to års relevant erfaring for å bli rådgjevar, og fem år som seniorrådgjevar.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse. Som tilsett hos oss blir du medlem av Statens pensjonskasse (SPK), noko som gir deg ei rekkje fordelar. Medlemskap i SPK sikrar deg ei pensjonsordning og gunstig opptening som gir økonomisk tryggleik både under og etter arbeidslivet. SPK tilbyr også gode forsikringsordningar som sikrar deg og dine næraste. Som medlem har du tilgang til gunstige låneordningar.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Naturforvaltningsavdelinga har som hovudansvar å utvikle politikk innanfor vern og berekraftig bruk av naturmangfald og friluftsliv. Avdelinga jobbar mellom anna med områdevern (som barskogvern, nasjonalparkplanen, fylkesvise verneplanar), rovvilt- og anna viltforvaltning, motverking og regulering av framande organismar, vassforvaltning, villaks- og innlandsfiskforvaltning, avgifter, arealforvaltning og konsekvensutgreiingar. Avdelinga gjer vurderingar av miljøvernaspekt knytt til jord- og skogbruk, energi- og havbruksnæringane, og miljørisikovurderingar knytt til bruk av genmodifiserte organismar, motorferdsel og naturoppsyn.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Nøkkelord
viltforvaltning, saksbehandling, samfunnsøkonomiske vurderinger, miljøforvaltning, høgre utdanning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399786499
- Sist endret