100% vikariat som helsefagarbeidar ved Austevoll pleie og omsorgssenter
Austevoll kommune
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Helsefagarbeider med langvaktsturnus
Om arbeidsstaden
Austevoll pleie og omsorgssenter ligg sentralt til i Birkelandsvegen 26 på Storebø. På pleie og omsorgssenter og i heimetenesta har vi ca. 150 tilsette.
Om stillinga
100 % vikariat som helsefagarbeidar. Stillinga har turnus med langvakter, og med arbeid kvar 4 .helg. Vikariatet er på spesialavdelingane ved pleie og omsorgssenteret. Stillinga er ledig frå 16.juni 2025.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Vaktene på spesialavdelingane er varierte. Pleie og miljøretta omsorg for bebuarane vil vera hovudoppgåva.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Off. godkjent helsefagarbeidar.
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg. Vi nyttar pasientjournalsystemet Profil.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399795623
- Sist endret