
Byggdriftar - serviceteknikar
Helse Fonna HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Byggdriftar - serviceteknikar
Vil du jobbe i eit miljø der fagleg utvikling, samarbeid og engasjement står i fokus? Vi søkjer ein serviceteknikar som vil bidra til drift, vedlikehald og vidareutvikling av dei tekniske anlegga våre.
Hos oss blir du ein del av eit dyktig og triveleg team som sikrar stabil og effektiv drift av sjukehuset. Her får du varierte og spennande arbeidsoppgåver, gode utviklingsmoglegheiter og ein arbeidskvardag der du både jobbar sjølvstendig og saman med kollegaer for å finne dei beste løysingane.
For deg som kjem tilflyttande kan vi tilby tenestebustad i ein overgangsfase.
Klar for nye utfordringar i eit godt arbeidsmiljø? Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Kontroll, feilsøking og utbedring på driftstekniske system og med spesielt ansvar for byggtekniske oppgaver.
- Følgje opp og bidra til viareutvikling av føretakets FDVU- og IK-system.
- Inngå i tverrfagleg team for drift & vedlikehald.
- Inngå i seksdelt vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev - fagskole. Erfaring kan kompensere for fagskolekrav.
- Rett person har god kompetanse på bygg og anlegg.
- Kan bruke IT-systemer som en naturlig del av arbeidet.
- Du må beherske grunnleggende dataverktøy, Word, Excel, Outlook, Power Point.
- Dataverktøy som SD anlegg, FDV systemer og andre datasystemer for dagleg drift, må beherskes. Opplæring vil bli gitt,
- Du må beherske norsk skriftlig og muntlig.
Vi ser etter deg som:
- har stor interesse for faget.
- trivs med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper.
- har godt humør og er flink på å se etter løysingar.
- er ryddig og kvalitetsbevisst.
- har fokus på høgt servicenivå mot andre avdelinger på sykehuset.
- er tydelig og presis i kommunikasjonen. God til å formidle informasjon munnleg og skriftleg.
Kvifor skal du velje oss?
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Høgt fagleg nivå.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
byggdrifter, servicetekniker
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399884376
- Sist endret