Prosjektmedarbeidar
SIMAS IKS
- Frist 21.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling hos oss!
Om stillinga
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein prosjektmedarbeidar som vil jobbe med sentrale prosjekt i SIMAS. Som prosjektmedarbeidar vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.
Arbeidsoppgåver
Planlegge, koordinere, administrere og gjennomføre prosjektarbeid.
Me står framfor ei større oppgradering og optimalisering av returpunkt for fritidsrenovasjon. I første omgang vil denne stillinga få hovudansvaret for å planlegge og gjennomføre dette arbeidet, samt følgje opp den daglege drifta av returpunkt.
I tillegg har SIMAS mange spennande prosjekt med ruteoptimalisering, standard køyreveg, arbeid mot forsøpling, ombruk og pyrolyse, som det vil vere aktuelt å delta i.
Ønskja kvalifikasjonskrav
Ha interesse for avfallsbransjen og gjenvinning/ombruk
Relevant høgare utdanning, eller 2-årig teknisk fagskule
Erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
Erfaring med prosjektgjennomføring, miljø, bygg- og anlegg, forvaltning og utvikling er ein fordel
Vere bekvem med å forvalte og forholde seg til aktuelt regelverk, noko juridisk kompetanse er ein fordel
Trygg i møte med andre menneske, ha evne til å samarbeide med grunneigarar, eigarkommunar og internt
Gjennomføringsevne, høg grad av ansvarsfølelse og arbeidskapasitet, samt vere fleksibel
Ryddig, strukturert og nøyaktig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og det vil bli teke omsyn til korleis vår nye medarbeidar kan komplettere dei andre medarbeidarane i verksemda
God til å kommunisere skriftleg og muntleg, snakke og skrive flytande norsk
God IKT-kompetanse og vere klar for å lære deg nye system
Førarkort klasse B
Vi tilbyr
Ein allsidig jobb i ein bransje i utvikling og som er framtidsretta
Godt fagmiljø og hyggelege kollegaer
Varierende dagar med aktivt og samfunnsnyttig miljøarbeid
Fast stilling med gode tenestepensjons- og forsikringsordningar, lønn etter avtale
Arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter
Om arbeidsgiveren
SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn med stort fokus på klima og miljø og selskapet spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Me jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter på ein kostnadseffektiv måte.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6854 Kaupanger
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Nøkkelord
prosjektledelse, prosjektarbeid, planlegging, koordinering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399886095
- Sist endret