Assistent eller fagarbeidar
Austevoll kommune
- Frist 14.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Helgestillingar med døgnvakter
Om stillinga
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei eining der vi søker etter kollegaer som ønsker å jobbe døgnvakter kvar fjerde helg. Vi søker deg som ønsker å vere med å bygge opp ei god teneste der både tenestemottakarar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vi treng trygge, aktive og omsorgsfulle miljøarbeidarar til arbeid i eininga. Som miljøarbeidar vil du blant anna ha oppgåver knytt til primærgrupper, aktiv oppfølging av tenestemottakar i daglege aktivitetar og ADL-trening, samarbeid med pårørande og andre aktuelle partar, planarbeid og rettleiing. Du vil arbeide både i avdelinga for avlasting til barn og unge og i teneste til vaksne med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustadar som er i bygget og nærområdet. Du vil arbeide tett med teamleiar og andre tilsette for å bygge opp tenestene, fagsystem og kultur.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den enkelte sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar
- Utføre oppgaver i samsvar med tenesta og den daglige drifta av avdelinga
- Praktisk bistand, rettleiing og aktivisering av brukarane
- Samarbeide med kollegaer og pårørande
- Deltaking i primærgruppearbeid
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontoret, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Gullsmedvegen bu og avlasting blei opna i januar 2024 i nyoppussa lokaler. Eininga består av tre omsorgsbustader og avlasting med tre sengeplasser til barn og unge. Vi gir praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til vaksne personar med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustad, samt rullerande avlasting til barn og unge i eigne lokaler.
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei avdeling innunder Miljøarbeidartenesta.
Kvalifikasjonskrav
Utdanning
- Oppfordrar studentar på bachelorutdanning innan vernepleie eller sjukepleie om å søke
- Søkarar som er under utdanning på andre relevante bachelorar kan bli vurdert
Formelle krav
- Førarkort for klasse B
- Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskeleg
- Du må legge fram gyldig politiattest ved tilsetting.
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i Norsk
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evnar å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Ønskeleg med erfaring frå brukargruppa
- Gode evner til å samarbeide med andre
- Vise respekt, ha gode haldningar og vere lojal
- Stå roleg i krevande situasjonar
- Ha stå på vilje og like utfordringar
- Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø der etisk refleksjon og fagutvikling står sterkt
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren blir offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Gullsmedvegen 55, 5397 Bekkjarvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399929851
- Sist endret