Bildegalleri
Norsk buhund – flott kull frå Vaalebjønn
Beskrivelse av varen
Alder: 1 uke
19. mars fekk vi fire flotte svarte buhundar, ein hanne og tre tisper. Dei vil vera leveringsklare i midten av mai. Dei kjem da til å vera svært godt sosialiserte med mange tobeinte venner. Mor er Kjosabygda's Våle-Pia (NO31945/21), og faren er Bernegården's Dolmar (NO37667/22). Begge er flotte og trygge hundar. Mora har toppresultat på utstilling (excellent, CK og cert), mens faren ikkje er utstilt. Det er svært låg innavlsgrad (0,4 %) for kullet, og begge foreldra har god helse (HD-frie og frie for augesjukdommar), Kullet står på kvalpelista til Norsk buhundklubb, sidan det er avla i samsvar med vilkåra til raseklubben. Dei er to glade, kjærlege og tillitsfulle hundar, som elskar å vera med folka sine.
Norsk buhund er omtalt som djerv og vennleg. Dei går godt saman med både folk og andre dyr. Dei er glade i tur og passar godt som familiehund. Dei er intelligente og lærevillige og eignar seg godt til ulike former for lydigheitstrening,
Kvalpane blir registrerte i NKK, ID-merka, vaksinerte og helsesjekka av veterinær. Dei får også med seg ein sekk med det hundefôret vi brukar. Dei er trena på ulike situasjonar både inne og ute hos oss.
Kennel Vaalebjønn har drive med småskalaoppdrett av ulike rasar i over 40 år, det meste av tida med buhund. Nå er vi nye generasjonar som driv vidare med hundeoppdrettet, og vi har berre buhund. Følg oss gjerne på facebookgruppa «Vaalebjønn – norsk buhund».
Kontakt Daniel Gusfre Ims på tlf. 95 76 51 52 for ein hundeprat.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.3.2025 kl. 19:32 ・ FINN-kode: 399987203