
Inspektør/førsteinspektør
Mattilsynet
- Frist 14.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Inspektør i kjøtkontroll
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Kjøtkontroll og tilsyn med slakteri er veldig viktig i denne heilkjedetanken. Det omfattar mellom anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjæring og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Ønsker du å bidra til trygg mat og god dyrehelse? Me søkjer etter ein dyktig medarbeidar. Stillinga er i dag ein del av slakteritilsynet i avdeling Sunnhordland og Haugalandet. Arbeidsplassen vil vere ved slakteria i Sandeid og Ølen, der ein slaktar storfe, svin og småfe. Stillinga vil inngå i ein arbeidsplan der ein tidvis rullerer mellom dei to slakteria.
Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver. Teamarbeid står sentralt i organisasjonen, der ein jobbar tett saman for å oppfylle Mattilsynet sitt samfunnsoppdrag. Om du trivs med sjølvleiing, i samarbeid og har god rolleforståing har du gode forutsetningar for å trivest i stillinga.
Mattilsynet er i ein organisasjonsendring, der ein skal gå frå regionale avdelingar til fagorganisering i divisjonar. Denne stillinga vert ein del av Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri, avdeling slakteri, seksjon rødt kjøtt vest og Innlandet frå 1. mai 2025.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene for kjøtkontroll og slakteritilsyn er varierte. Du jobber med mattryggleik, slaktehygiene, dyrehelse, dyrevelferd, kjøtkontroll, animalske biprodukt og prøvetaking i heile Mattilsynet sitt perspektiv.
- Kontroll av slakt
- Registrering av avvik og sakshandsaming
- Planlegging og utføring av tilsyn og oppfølgjande sakshandsaming
- Planlegging og utføring av prøvetaking og oppfølgjande sakshandsaming
- Du må rekne med å få andre oppgåver ut i frå samla behov og prioritering
- I periodar av året vil det vere noko overtid, med ettermiddag-, kvelds- og helgejobbing
- Du jobbar saman med andre inspektørar i eit team med teknikare og veterinærar
- Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon, det betyr at du kan bli beden om å bistå i hendingar utover eigen seksjon og avdeling
Kvalifikasjonar
- Det er en fordel om du har erfaring som kontrolltekniker, men anna relevant arbeidserfaring, fagbrev eller utdanning (som er relevant) er også aktuelt
- For å jobbe som kontrollteknikar må du ha gjennomført kurs som kontrollteknikar. Dersom du ikkje har det frå før, må du ta kurs og eksamen som ein del av opplæringa. Opplæringa skjer i stor grad lokalt
- Relevant erfaring frå forvaltning, tilsynsmetodikk og aktuelt regelverk er ein fordel.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Avdelinga nyttar både nynorsk og bokmål som skriftspråk
- Gode digitale eigenskapar og vant med å bruke digitale løysningar
- Gyldig førarkort klasse B
Me ønskjer at du
- Har motivasjon til å jobbe i slakteritilsynet og med kjøtkontroll
- Har god forståing for tilsynsrolla og evne til å observere og gjere faglege vurderingar
- Kommuniserer klart og tydeleg
- Tek ansvar, er god til å arbeide både sjølvstendig og i team med andre
- Deler kunnskap, erfaringar og informasjon samstundes som du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har evne til å vere fleksibel og kan handtere endringar i forhold til planlagde oppgåver
- Må ha evne til å prioritere og arbeide effektivt
Vi tilbyr
- Stilling som inspektør (stillingskode 1497) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida årslønn frå kr. 480.000 - 550.000 for samanliknbare stillingar i Mattilsynet. For særs kvalifiserte søkjarar kan avlønning som førsteinspektør (stillingskode 1498) og høgare lønn bli vurdert.
- Ordna arbeidsforhold, overtid og ugunstig arbeidstid blir kompensert i samsvar med gjeldande regelverk og særavtale
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Eit fagleg sterkt fellesskap, der du kan utvikle din kompetanse innan eit komplekst fagområde
- Medlem i Statens pensjonskasse med gode låne- pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
- Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.
Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg. - Ver venleg å oppgje minst 2 referansar i søknaden
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvrehagen 2, 5580 Ølen
- Bransje: Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Agronom, Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
mattrygghet, kontrolltekniker, forvaltning, dyrevelferd, dyrehelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400075636
- Sist endret