
Fagarbeidarar og miljøveiledarar i skule
Time kommune
- Frist 11.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidarar og miljøveiledarar i skule frå 01.08.25
Time kommune har ledige stillingar som fagarbeidarar og miljøveiledarar på fleire av skulane våre. Me søkjer deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. De vil vera viktige fagpersonar som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar enkeltvis, i grupper og i klassar.Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning som:
- Fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar. Andre utdanningar kan òg vera aktuelle
- Bachelorutdanning, fortrinnsvis vernepleiar og barnevernspedagog
- Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har pågangsmot og er initiativrik
- Viser god omsorg og engasjement
- Du er robust, fleksibel og løysingsorientert
- Har god relasjonskompetanse
- Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Det blir lagt vekt på om søkjaren er personleg eigna til jobben.
Me har på nåverande tidspunkt ledig følgjande stillingar på desse skulane;
Bryne skule:
1 stilling fast (80%) som fagarbeider/miljøveileder.
Stillinga er kombinert 40% miljøarbeid skule og 40% fagarbeidar SFO. På Bryne skule blir du med på eit lag med svært gode kollegaer. Personlege eigenskapar og erfaring vil verta særleg vektlagt i tilsettinga. Det er mogleg at det kjem fleire ledige stillingar/vikariat etterkvart, men dette er ennå ikkje endeleg avklart.
Rektor: Jone Siqveland, mob. 95269604 https://www.minskole.no/bryne
Frøyland skule:
3 stillingar 80-85% miljøveileder/fagarbeidar der ei jobbar både i skule og SFO.
Ei av stillingane vil og vera ein del av skulen sitt miljøteam som jobbar førebyggande og operativt med skulemiljøet og er ein del av skulen sitt interne støttesystem.
2 stillingar som fagarbeidar (30-40% fast). Desse stillingane vil verta knytt opp mot SFO. Om du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med:
Rektor: Karen Seppola tlf.: 472 34 604, SFO-leiar: Olaug Irene Lode tlf.: 922 59 299 https://www.minskole.no/froyland
Lye skule:
1- 2 stillingar som fagarbeider, ca 40% fast. Knytt opp til SFO. Det kan vera mogleg med utviding i skule, slik at stillinga totalt sett blir 80-90%.
Rektor: Sigrid Hinnaland Kjetland, mob. 99046933
https://www.minskole.no/lyeskule
Rosseland skule:
Me har ledig inntil 3 stillingar som fagarbeidar opptil 50 %. Desse stillingane er knytt opp til SFO. Det kan òg oppstå behov i skulen/vikaroppdrag i løpet av skuleåret.
Rektor: Geir Soma, mob. 97581636 https://www.minskole.no/rosseland
Undheim skule;
1 stilling som fagarbeidar (40% fast). Denne stillinga vil verta knytt opp mot SFO.
Rektor: Gerd Rusdal, mob 98635393 https://www.minskole.no/undheim
Lye ungdomsskule:
1 barne- og ungdomsarbeidar (fast i ca 60% stilling) for komande skuleår. Andre kandidatar med høgare utdanning som til dømes barnehagelærar, barnevernspedagog eller vernepleiar kan og være aktuelle for stillinga.
Det kan vera mogleg å auka stillinga med opptil 100% ved å kombinera stillinga saman med stilling ved SFO ved Lye skule. Skriv i søknaden om du ønsker ein kombinert stilling då me vil legga til rette for eit felles intervju om det er aktuelt. Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge.
Rektor: Ingeborg Milner, mob. 95294806 https://www.minskole.no/lyeung
Det kan òg koma fleire ledige stillingar på andre skular, i andre storleikar og stillingstypar. Endeleg stillingsprosent vil vera ut frå behovet ved den enkelte skule. Skriv i søknaden kva stilling og skule du søker på. Ikkje vent med å søka. Det blir gjennomført intervju fortløpande.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400085512
- Sist endret