Økonomisjef
Det Norske Teatret
- Frist 16.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Økonomisjef til Det Norske Teatret
ØKONOMISJEF TIL DET NORSKE TEATRET
Har du lyst til å jobbe med økonomistyring i ein spennande kulturinstitusjon?
Vi er på utkikk etter ein fagleg dyktig økonomisjef som meistrar høgt tempo og langsiktig planlegging i eit hus prega av raske sceneskift. Økonomisjefen skal, saman med direktøren, sikre at teateret har ein sunn økonomi, slik at vi kan halde fram med å ta kunstnarleg risiko, skape høg kvalitet og tilby eit breitt repertoar.
Økonomisjefen får mellom anna ansvar for økonomistyring, finansiering, framskrivingar, analysar, budsjettering, rekneskap og innkjøp. Vi brukar økonomisystemet Xledger.
Leiaren for området har i dag personalansvar for tilsette på økonomi- og personalområda og er medlem av leiargruppa.
Vi ønsker oss ein medspelar som òg kan bidra i strategiske spørsmål. Det vil vere ein klar fordel om du har erfaring med eller kompetanse på arbeid med prosessforbetringar og bruk av data og teknologi for å effektivisere drift på fleire område.
Vi ser etter ein tydeleg og lyttande person med leiarerfaring, gjerne frå kulturfeltet, og med relevant høgare utdanning. Erfaring med økonomistyring i større verksemder er nødvendig, like eins dokumentert evne til å planlegge over tid og systematisk nå mål. Vi ønsker oss ein økonomisjef som er ein sikker analytikar, som òg kan formidle funn så dei blir forstått.
Søkarar bør vere gode i både norsk og engelsk, gjerne også nynorsk, og ha høg arbeidskapasitet.
Vi tilbyr:
ei nøkkelrolle bakom scena på Noregs største teater og scenekunst i rikt monn
eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver
lønn etter avtale og gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rekrutteringsrådgivar Kolbjørn Preus, tlf. 40403553, eller direktør Irene Halvorsen, tlf. 90787465.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er landets største teater og nynorskens nasjonalteater i hovudstaden. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2024 var nær 600 av. Vi har 240 tilsette og har mål om å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ei scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Teatret spelar i dag på tre faste scenar i vårt eige, moderne teaterhus midt i Oslo sentrum og på Rommen scene i Groruddalen.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kristian VIs gate 8, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
Nøkkelord
økonomistyring, rekneskap, strategi, analyse, budsjettering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400124105
- Sist endret