Bildegalleri
Dell Studio 1737, stor og behageleg
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Merke: Dell
Ein god gamal slitar av ei berbar datamaskin til sals for nesten ingen pengar. Her er ein 17-toms berbar. Alt verkar, og det fylgjer med to straumforsyningar òg. Maskina er støvsugd inni og klar til mange års bruk. OK batteri.
Men kva, skal tru, kan du bruke ei slik gamal maskin til? Vel, du kan rett og slett bruke ho som ei kvar anna maskin. Denne er meint å ha ståande meir eller mindre fast i stova, og vil fungere fint der. Eit anna godt tips er å installere Yunohost eller anna server-programvare på ho, og så har du ein boks med skylagring, musikk eller kva du vil i ditt eige hus.
Maskina kjem med den Linux-utgåva du ynskjer. Linux mint med XFCE er lett å bruke for alle, verkar bra og vil vera støtta langt inn i framtida i motsetnad til alle Windows-utgåver, så det er den eg tilrår. Eg kan installere det du elles vil ha, sei frå.
Maskinar har rikeleg inn- og utgangar:
- USB
- To øyreklokkeutgangar og ein mikrofoninngang
- eSATA
- Firewire
- Wifi
- Blåtann
- Kabla nettverk (ethernet)
- Infraraud
- DVD-stasjon
- VGA og HDMḮ
- SD-kortlesar
- Spor til tilleggskort av ulike slag
Spesifikasjonar elles: Core2duo-prosessor på 2,1GHz, 750GB harddisk og 4GB RAM. Skru på og bruk. Eg pakkar godt, og kan sende.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 29.3.2025 kl. 20:55 ・ FINN-kode: 400276146