Vernepleiar 100% langvakter
Alver kommune
- Frist 14.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du arbeida i eit nyoppretta tiltak?
Om stillinga
Vi søkjer engasjert og fagleg interessert vernepleiar til å arbeide med ungdommer i avlastningsbustader. Stillinga er knytt til eit ein-til-ein tilbud per i dag. Stillinga er for tida langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Om oss
Avlastningsbustader i Alver kommune er tilrettelagde bustader for barn og unge med ulike bistandsbehov. Desse bustadene er ein del av habiliteringstenesta og gir tenester til barn og unge med nedsett funksjonsevne og/eller utviklingshemming. Målet er å sikre ein best mogleg kvardag for gjestane ved å tilby høgkvalitets tenester og støtte. Vi gjev avlastning til pårørande som har særlig tyngande omsorgsarbeid.
Kva vil det sei å kjenna seg heime?
Me ser ikkje berre på barne- og avlastningbustad som ein fysisk stad, men òg som ein eksistensiell tilstand prega av tryggleik, tilhøyrsel og respekt.
Som spesialpedagog vil du vera med på å hjelpa tenestemottakarar, med å skapa ein trygg stad og koma i kontakt med kjensla av å høyra til.
Du vil få moglegheit til å vera med på å utvikla ei faglegheit som har fokus på å skapa endring gjennom relasjonar, tryggleik, tillit og respekt - me ser på dette som grunnleggjande føresetnader for utvikling!
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for barne- og avlastningsbustader, der ungdommen kan utvikle seg etter sine evner og føresetnader.
- Bidra til å etablere gode rutinar og strukturar i kvardagen.
- Gje omsorg og hjelpe ungdom med å utvikle dei nødvendige ferdigheitene dei treng for å kunne administrere eit kvardagsliv etter sine evner og føresetnader.
- Tilretteleggje for ein meiningsfull fritid og arenaer for tilhøyrsle.
- Samarbeide med pårørande og andre instansar.
- Kollegastøtte
- Fagutvikling
- Rapportering
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorgrad i vernepleie
- Minimum 3 års relevant arbeidserfaring frå å jobbe med barn/ungdom med utviklingshemming og åtferd som utfordrar
- Erfaring med og kompetanse i kapittel 9 i helse- og omsorgslova
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personleg eignaheit blir vektlagt - det er viktig at du er ein trygg vaksen som også er trygg på deg sjølv
Kven søkjer me?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Du er trygg på deg sjølv, handterer krevande situasjonar med ro og tydelegheit, og tar kloke avgjerder under press
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Du kan reflektere etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du har erfaring med arbeid med barn og ungdom med utviklingshemming og utfordrande åtferd
- Du har interesser eller kompetanse innanfor aktivitetar som sjakk, fiske, gaming og praktisk arbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augeblikk i relasjonsbygging
Me oppmodar menn til å søkja med bakgrunn i tenestemottakar sitt behov jf. AML 13-3 og likestillings- og diskrimineringslova § 9 a).
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrenten 64, 5955 Lindås
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400596520
- Sist endret