Psykolog
Helse Fonna HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykolog/psykologspesialist
Vi søkjer psykolog til vår allmennpsykiatriske poliklinikk ved Haugaland DPS.
Vårt fagmiljø er prega av høg kompetanse innan fleire terapiretningar, openheit og tverrfaglig samarbeid. Fleire av spesialistane har vidareutdanningar innan kognitiv atferdsterapi (CBT), psykodynamisk terapi og emosjonsfokusert terapi (EFT).
Poliklinikken har også ein rekke spesialiserte behandlingstilbpd, som dialektisk atferdsterapi (DBT), eBehandling, EMDR, og "4-dagarsbehandling" (B4DT) for sosial angst. I tillegg har vi fleire planlagte fagutviklingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Utredning, diagnostisering og behandling av pasientar
- Delta i tverrfagleg team
- Rettleiing og undervising internt og retta mot våre samarbeidspartnarar i kommunen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon/lisens som psykolog
- Det er ein fordel med arbeidserfaring frå allmennpsykiatrisk poliklinikk på DPS-nivå.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert
- har gode kommunikasjonsevner
- er ein god teamarbeider
- trivst i et aktivt miljø med varierte utfordringar
- har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Helse Fonna har innført lønnsstige for spesialistar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Vi legg til rette for vidareutdanning
- Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling
- Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Floravegen 75, 5535 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400627548
- Sist endret