Leiar losji
Voss Resort AS
- Frist 20.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Voss Resort søkjer ein engasjert og strukturert leiar for losji
Voss Resort søkjer ein leiar for losji. Som ein av Noregs leiande fjelldestinasjonar tilbyr Voss Resort ei ekte heilårsoppleving, med framifrå skimolegheiter, eit breitt sommartilbod og ein unik møteplass på Hangurstoppen med ein unik restaurant og konferansemoglegheiter, plassert på toppen av Voss Gondol.
Med si unike plassering langs Bergensbanen, berre litt over ein time frå Bergens internasjonale flyplass, har Voss Resort ein internasjonal tilgjengelegheit utanom det vanlege. Som eit sentrum for internasjonale cruiseturar aukar potensialet ytterlegare. I samarbeid med Park Hotel og deira velrenommerte restaurant og vinkjellar, blir det tilbydd tallause reiseopplevingar.
Sidan opninga av Voss Gondol i 2019 har Voss Resort etablert eit heilårstilbod i verdsklasse. No søkjer me deg som kan vera med på å henta ut potensialet for vekst innan overnatting i hytter, som vert formidla for eksterne eigarar.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna inkludera:
Vera kontaktperson for hytteeigarane og sørgja for at fleire ønskjer å nytta seg av Voss Resort som utleigepartnar, gjennom å synleggjera fordelane ved utleige og aktivt arbeida med å selja inn formidlingstenesta.
Ansvar for drift innan overnatting, inkludert bestilling, service til gjester på staden, reinhald og løypande tenester ved behov.
Setja saman og tilby servicetenester i ulike pakkar, både til dei som leiger ut gjennom Voss Resort og til andre hytteeigarar, med mål om å auka omsetnaden.
Dialog med nye og eksisterande turoperatørar for å auka salet innan losji saman med salsavdelinga. Dette inkluderer mellom anna deltaking på visningsturar.
Ansvar for oppdatering av losjiprodukt i nettbutikken.
Dialog med hotelloperatørar på Voss, for å saman arbeida for eit breitt utval av overnattingsmoglegheiter for ulike målgrupper.
Budsjett-, resultat- og personalansvar for avdelinga.
Produktutvikling innan avdelinga.
Andre arbeidsoppgåver i Voss Resort etter behov.
Rolla vil rapportera til dagleg leiar.
For å lukkast i rolla trur me at du har:
Eit utprega strukturert hovud som klarar å koordinera mange ballar og halda god dialog med involverte internt og eksternt.
Erfaring frå reiselivsnæringa eller innan overnatting, der erfaring frå destinasjonar og særleg skidestinasjonar er ein fordel.
Erfaring frå sal, der erfaring med internasjonale turoperatørar er ein fordel.
God teknisk og systemforståing.
Ein genuin interesse for og eigenskapar til å gje gjester god service og unike opplevingar.
Evna til å vera positiv og dynamisk i ein bransje i stadig endring.
God språkkunnskap, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
Ein genuin interesse for skikøyring og naturopplevingar.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 5704 Voss
- Bransje: Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Booking, Ledelse
Nøkkelord
ledelse, overnatting, destinasjon, gjesteopplevelse, resultatansvar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400634935
- Sist endret