Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Årdal
Fristen er utløpt

Kunderådgjevar Kundesenter

Sogn Sparebank

  • Frist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Er du vår nye kunderådgjevar til kundesenteret?

Sogn Sparebank utvidar rådgjevarteamet til kundesenteret og søkjer ein kunde- og salsorientert rådgjevar.

Er du klar til å ta neste steg i karrieren din og bli ein del av ein veletablert og framtidsretta bank? Kundesenteret er ofte kunden sitt første kontaktpunkt med banken og me ynskjer å gje gode kundeopplevingar og god kvalitet frå første møte. Me ser etter deg som vil skape gode kundeopplevingar og som tar initiativ til oppsøkjande kundepleie.

Kundesenteret i Sogn Sparebank har i dag kunderådgjevarar fordelt på alle våre kontor, Årdal, Lærdal, Aurland, Sogndal, Vik og Bergen. Her hjelper me kundane våre i første linje med både smått og stort. På kundesenteret er det altså behov for å kunne alt innan daglegbank og god fagleg kvalitet er sjølvsagt heilt avgjerande. Du bør vere komfortabel med å nytte telefon i arbeidskvardagen og inneha gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg. Innkomande telefonar for å løyse kundane sine problem, men også utgåande telefonar for å syte for god kundepleie. Sogn Sparebank er ein del av Eika Alliansen og Fremtind forsikring, oppsøkande tilbod av våre produkt og tenester vil bli ein del av arbeidskvardagen din.

Kva kan me tilby?

  • Ein spanande og variert arbeidskvardag i eit dynamisk miljø som stadig er i utvikling. Er du ambisiøs og engasjert vil du få vere med å påverka din eigen arbeidskvardag. Me legg til rette for utvikling og utprøving av nye arbeidsoppgåver kontinuerleg, du vil få jobbe og utvikle deg innan dei oppgåvene du trivast best med.

  • Gode moglegheiter for personleg og profesjonell utvikling for dei rette kandidatane, gjennom eksklusive kurs frå Eikaskolen og autorisasjonsordningar gjennom Finansnæringens Autorisasjonsordningar

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø på kundesenteret med fokus på samarbeid og trivsel.

  • Konkurransedyktige vilkår, med ein av marknaden sin beste pensjons- og forsikringsordning

  • Arbeid frå kor som helst av våre kontor, med moglegheiter for heimekontor.

  • Sumartid, fleksitid og tilrettelegging av arbeidsdagar for deg med born.

  • Ordningar for mobil og mobilabonnement

Arbeidsoppgåver

Som vår kunderådgjevar vil du

  • svare inngåande telefoner og epostar til kundesenteret, og sikre at kundane får rask og riktig hjelp

  • vere førstelinje i banken og representere oss med profesjonalitet og nøyaktigheit

  • drive proaktiv kundepleie og oppfølging for å sikre at kundane våre har det riktige produktsortimentet

  • samarbeide tett med kollegar i kundesenteret og på tvers av andre avdelingar i banken for å oppnå felles mål

  • På kundesenteret legg me lite avgrensningar, her vil du få kunne vere med å påverke arbeidsdagen din i den retninga du ønskjer

Kven er du?

Me ser etter deg som

  • er kundeorientert og har gode kommunikasjonsevner

  • er initiativrik og tar ansvar for proaktiv kundepleie

  • har sterke samarbeidsevner og likar å jobbe mot felles mål

  • er fleksibel og tilpasingsdyktig i eit miljø som stadig endrar seg

  • er nøyaktig og punktleg, evnar å følgje rutinar og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og interesse for og kunnskap om personleg økonomi er ein fordel.

  • Me vektlegg også personlege eigenskapar. Er du omgjengeleg med gode samarbeidsevner, har interesse for kundepleie og sal, så kan du vere den rette for oss utan formell kompetanse.

  • Erfaring frå kundesenter og sal kan vere ein fordel, du vil få naudsynt opplæring innan bank for å lukkast i rolla.


Er du klar for å bli ein del av vårt team? Lurer du på om du skal søkje, om du har dei rette eigenskapane? Send din søknad og me tek ein nærare prat for å sjå om du kan bli den rette til ei reise mot å skape dei beste kundeopplevingane for våre kundar! Ta også gjerne kontakt om du har spørsmål om stilling eller ynskjer meir informasjon.

Søknadar og aktuelle kandidatar blir vurdert fortløpande, med søknadsfrist innan 22. april.

Ferdigheter

  • Call Center
  • Oppsøkende salg på telefon
  • Salgserfaring

Om arbeidsgiveren

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.

Sogn Sparebank har eit stort mangfald av produkt innan forsikring, kreditt, sparing og økonomisk rådgjeving som blir gjeve tilbod om så vel private kundar som til bedrifter. Sparebanken og Eika arbeider heile tida med å utvikle produkta våre og tilpassar tenestene våre etter kundane sine behov.

  • Sektor: Privat
  • Sted: 6884 Øvre Årdal
  • Bransje: Bank, finans og forsikring
  • Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Salg
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

kunderådgivning, kundeservice, kommunikasjon, samarbeid, serviceinnstilt

Sogn Sparebank logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jarand Blaflaat
  • Stillingstittel: Teamleiar kundesenter
  • Mobil: 46 47 00 98
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Sogn Sparebank
  • Hjemmeside

23 følger dette firmaet

SOGN SPAREBANK logo

SOGN SPAREBANK

Sogn Sparebank
  • Om ossFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • Følg oss på FacebookFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Kontakt oss

Firmaets beliggenhet

6884 Øvre Årdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 400639518
  • Sist endret 13.5.2025, 00:09
Rapporter annonse