Undervisningsstillingar - matematikk og naturfag (fast og vikariat)
Rogaland fylkeskommune
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstillingar - matematikk og naturfag (fast og vikariat)
Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2200 elevar og om lag 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no.
Det er omlag 150 % undervisningsstilling (80 % fast og 70 % vikariat) ledig i matematikk og naturfag. Ei stilling kan vera ein kombinasjon mellom fast stilling og vikariat og då til saman utgjera 100 % stilling. Stillingane kan gjelde undervisning for elever på studieforberedande, yrkesfag, innføringsklassar og vaksenopplæring.
Oppstart frå 1. august 2025.
Kvalifikasjoner
- Søkjar skal ha formell undervisningskompetanse i minst eit av faga og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
- Gode norskkunnskapar
- Me legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga
Personlige egenskaper
- Ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad
- Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
- At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over, og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer
Vi tilbyr
- Flotte undervisningsbygg og eit dynamisk kollegium
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Ein vidaregåande skule med mange moglegheiter både for lærarar og elevar
- Løn etter tariff
Om arbeidsgiveren
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hetlandsgate 27, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Vikariat;, Fast;, Undervisning;, Skole;, Lærer;
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400643218
- Sist endret