
Kokk - fast og sesong
Elvesus restaurant & bar
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Elvesus søkjer kokkar
Elvesus restaurant & bar er Førde si nye storstove og har på under eitt år blitt ein populær møteplass for både matglade og feststemte. Med ulike soner – restaurant, bar og mesanin – har vi plass til over 400 gjestar. Her er det rom for både gode smakar, levande stemning og gode opplevingar.
Vi har ledig både fast stilling og sesongstillingar (mai-august).
Du vil som ein av våre tilsette vere ein av dei viktigaste suksessfaktorane for at vi lykkast kvar dag. Vi legg hjartet vårt i å skape fortreffelege smakar i lunsj- og middagsrettane vi serverer. Gjestane våre skal oppleve matmagi som gjer at kvardagen blir litt betre. Enten dei besøker oss for ein rask lunsj ein heilt vanleg dag, eller dei har samla sine kjente og kjære til ein betre middag for å feire ei spesiell anledning.
På Elvesus opererer vi med ulik meny på dag- og kveldstid. I tillegg har vi selskapsmeny som vi legg til rette for større lag ved førespurnad. Per i dag er kjøkkenet ope 5 dagar i veka, frå 11-22, så du må vere fleksibel og ha høve til å jobbe både dag og kveld, og helg inkludert søndagar.
Korleis blir dagen din på Elvesus
Morgon- eller kveldsskift på kjøkkenet saman med andre dyktige kokkar.
Planlegging og førebuing av dagens meny.
Skape kvalitetsrettar frå Elvesus sin lunsjmeny på dagtid, og restaurantmeny på ettermiddag/kveld.
Yte god service for våre gjestar.
Vere bevisst på at det er open kjøkkenløysing, og at kjøkkenteamet er synleg for gjestar. Bidra til å oppretthalde riktig standard og presentasjon av kjøkkenet og arbeidsprosessar.
Kva kvalifikasjonar kan du ha
Fagbrev som kokk er supert, men relevant erfaring frå restaurant er også høgt skatta.
Kven ser vi etter
Du har ein sterk interesse for kokkefaget.
Du er effektiv og jobbar ryddig.
Du er ein god kollega og likar å dele og få kunnskap og erfaring med dine kollegaer.
Du kommuniserer på norsk eller engelsk og samarbeidar godt
Kvifor skal du velje Elvesus
Moderne kjøkken med profesjonelt utstyr og enkelt reinhald.
Fine lærings- og utviklingssjansar.
Konkurransedyktige vilkår.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, ta gjerne kontakt med kjøkkensjefen vår: alexander@elvesus.no
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Elvevegen 13, 6800 Førde
- Bransje: Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kokk, chef, restaurant, heltid, deltid
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400802781
- Sist endret