Pleiepersonell
Helse Fonna HF
- Frist 30.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommar + jobb + vakker natur = Valen! Er du med?
Kombiner jobb med vakker natur – sommarjobb på Valen! 🌄
Sikkerhet- og rehabiliteringspost, sikkerhetspost Valen og felles anretning søkjer sommarvikarar frå og med veke 26 til og med veke 33. Kan du jobbe fleire veker i strekk? Perfekt!
Vi leitar etter deg som har god relasjonskompetanse, respekt for pasienten, er lojal til bestemmelsar og tar initiativ.
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr: Bustad for deg som kjem langvegs fra.
Etter arbeidstid kan du utforske området – til dømes båtturar, fjellturar og andre aktivitetar i den vakre naturen rundt Valen.
Er du klar for ein sommar du aldri gløymer? Vi behandlar søknadar fortløpande -søk allereie no!
Sjå livet på sjukehuset og den spektakulære naturen på YouTube!
Kva går jobben ut på?
- Pasientoppfølging
- Vere til stades for pasientane og bidra til at dei kjenner seg trygge
- Miljøtilrettelegging
- Du arbeider tett med anna helsepersonell for å gje ein heilskapeleg omsorg for pasientane
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus- og pleie.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- minimum er fyllt eller fyller 20 år
- setter pasientens behov først
- er oppteken av god pasientbehandling
- ser etter gode løysningar
- er ansvarleg og sjølgåande
- set pris på å samarbeide med kollegaer
Kvifor skal du velje oss?
- Trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
- Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
- Du er aldri aleine - Gode kollegare stiller opp for deg.
- Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, så ingen dagar er like.
- God stemning på jobb – Vi har eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pleiepersonell, assistent, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400813859
- Sist endret