Rådgjevar
Norges idrettsforbund/Vestland idrettskrets
- Frist 27.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å legge til rette for idrettsglede for alle i Vestland?
Vestland idrettskrets er på jakt etter ein rådgjevar innan organisasjonsutvikling til kontoret vårt i Førde.
Vi søkjer ein engasjert rådgjevar til vårt arbeid med organisasjonsutvikling. Organisasjonsutvikling handlar om å styrkje og vidareutvikle idrettslaga og idrettsråda, og hjelpe dei å nå måla sine og ruste seg for framtida.
Vi er ute etter ein lagspelar som er oppteken av å spele andre gode og som er klar for å bidra til å gjere idrettsorganisasjonen sterkare, meir berekraftig og i enda betre i stand til å skape idrettsglede for alle. Stillinga er i stor grad utadretta og det må reknast med kvelds- og helgearbeid samt reiseverksemd. Idrettskretsen har totalt 13 tilsette fordelt på 2 kontor i Bergen og Førde.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie idrettslag og idrettsråd i organisasjonsarbeid og -utvikling.
- Arrangere møteplassar som fremjar samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av idrettar for å styrkje idretten sitt fellesskap, møte felles utfordringar og sikre betre ressursutnytting og organisatorisk utvikling.
- Vere med å utvikle og tilby kompetansehevande tiltak for idrettslag og idrettsråd.
- Rettleie og støtte idrettsråd i planarbeid mot kommunar for å styrkje idretten sine rammevilkår
- Samarbeide og vere eit bindeledd mellom idrettslag, idrettsråd, kommunar og fylkeskommune i ulike prosjekt.
Kvalifikasjoner
- Idrettsfagleg eller anna relevant utdanning på høgskulenivå.
- Manglande formell utdanning kan kompenserast med god og relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til norsk idrett si organisering og verdigrunnlag
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B og tilgang til bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Serviceinnstilt, lyttande og god på relasjonsbygging
- Utviklingsorientert og fleksibel
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og formidlingsevne
Vi tilbyr eit engasjerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med stor takhøgde. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som vektlegg høg kvalitet og kunnskapsdeling. Vi har gode forsikringsordningar og per i dag pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. Vi tilbyr også høve til trening i arbeidstida og løn etter avtale. I NIF jobbar vi for å skape idrettsglede for alle. Med det oppdraget er det heilt naturleg at vi ønskjer å byggje eit mangfaldig og inkluderande team av svært dyktige individ som brenn for å gjere norsk idrett til ein inkluderande arena. Vi har stor tru på at vi alle utmerkar oss og er meir kreative når vi får lov til å vere oss sjølve, og vi ønskjer difor å byggje ein kultur der alle kjenner seg heime. I NIF ønskjer vi tilsette med ulik kompetanse, tilnærmingar, perspektiv, alder, kjønn, livserfaring, mangfaldskompetanse og bakgrunn. Mangfald er viktig både for arbeidsmiljøet og for jobben vi skal gjere.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Kjøre bil
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland idrettskrets er eit organisasjonsledd under NIF og omfattar 53 særkretsar og 43 idrettsråd som organiserar over 900 idrettslag med til saman over 220 000 medlemskap. Vestland idrettskrets er den største frivillige organisasjonen i Vestland fylke og har kontor på Idrettens Hus i Førde og Idrettens hus i Bergen.
- Sektor: Privat
- Sted: 6800 Førde
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Idrett og trening, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
Idrettslag, Idrettsråd, Møteplasser, Kompetase, Prosjekt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400927780
- Sist endret