
Prosjektmedarbeidar Byvekstavtale Bergen
Statens vegvesen
- Frist 21.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjektmedarbeidar Byvekstavtale Bergen
Statens vegvesen har ledig stilling som prosjektmedarbeidar innan for økonomi / byggherrestøtte og søkjer etter ein person med relevant erfaring innanfor fagområde og prosjektarbeid knytt til anleggsarbeid.
Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Byvekstavtale Bergen, som omfattar fleire prosjekt i Bergen, blant anna sykkelveg og vegprosjekt. I første omgang er stillinga knytt til økonomiopppfølging av plan/byggeprosjekt, men stillinga vil også omfatte andre oppgåve i dei enkelte prosjekta, som usikkerheitsarbeid og andre oppgåve på prosjektnivå.
Kontorstad vil vere på prosjektkontoret til Byvekstavtale Bergen, i dag i Nygårdsgaten 112.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- holde oversikt og følge opp økonomi på utbyggingsprosjekt, planfase
- følge opp prosjekt i ISY-prosjektøkonomi
- rapportering, budsjettering og prognoser
- rådgiving og oppfølging av prosjektmedarbeidar innan økonomi
- legge til rette for usikkerheitsarbeid i prosjekta - PUS
- ta del i kontraktsarbeid og prosjektarbeid i gruppa
- ta del i øvrige oppgaver på prosjektnivå i de enkelte prosjektene etter behov
Kompetansekrav
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 2 år, med relevant fagkrins, jf. beskrivinga over.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå relevante fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til formell utdanning fråvikast.
Det vil vera ein fordel om du har:
- bakgrunn og erfaring frå økonomioppfølging
- kjennskap til ISY-prosjektøkonomi
- erfaring frå prosjektarbeid i utbyggingsprosjekt
- erfaring frå usikkerheitsstyring og usikkerheitsarbeid
Personlege eigenskapar som vert vektlagde:
- du er sjølvstendig og liker å jobbe både sjølvstendig og i samen med andre
- du jobbar fokusert og strukturert med oppgåvene
- du tar raskt tak i oppgåvene og legger ein plan for oppgåveløysing
- du er inkluderande og involverer aktuelle medarbeidar / fagområde og i oppgåveløysningen
- gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- at du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
- nødvendige IT-ferdigheiter for oppfølging og rapportering
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå prosjektleiar Beate Riisnæs, tlf. 962 36 913, eller e-post: beate.riisnas@vegvesen.no.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Engelsk
Nøkkelord
byggherrestøtte, prosjektmedarbeider, isy prosjektøkonomi, budsjettering, usikkerhetsarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401228019
- Sist endret