Regnskapsfører
ØkoRåd Hardanger og Voss
- Frist 21.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Spanande moglegheit innan rekneskap i Hardanger!
Har du ei tilknyting til Kvam – eller har du lyst til å hoppa på denne moglegheita for å sjekka ut om livet i Kvam er noko for deg? ØkoRåd Hardanger og Voss er i vekst og søkjer etter ein ny kollega til vår avdeling i Øystese! Me oppfordrar alle interesserte, både nyutdanna og erfarne rekneskapsførarar, til å søkja.
Som rekneskapsfirma ynskjer me å skapa ein arbeidsplass som skil seg frå snittet i bransjen. Me ynskjer å ha ein fleksibilitet i arbeidskvardagen og eit berekraftig arbeidstrykk gjennom året. Vår ambisjon er å vera ein lokal, framtidsretta arbeidsplass. Det skal vera rom for ambisjonar og personleg utvikling, men også rom for ulikt arbeidstrykk gjennom livets ulike fasar.
Arbeidsoppgåver:
Kundekontakt
Rekneskapsføring/lønn/årsoppgjer
Rådgjeving
Porteføljeansvar
Kvalifikasjonar:
Relevant erfaring frå rekneskap, lønnsarbeid, revisjon eller årsoppgjer
Autorisert rekneskapsførar er ynskjeleg, men ikkje eit krav
Dersom du har erfaring frå rådgjeving, rapportering eller andre økonomifunksjonar, kan du også vera ein aktuell kandidat for oss.
Ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for landbruk
Eigenskapar:
God systemforståing
Gode kommunikasjonseigenskapar
Sjølvstende og samarbeidsevne
Er strukturert og systematisk
God digital kompetanse
Me tilbyr
Kjekt arbeidsmiljø med stor grad av fleksibilitet i arbeidskvardagen, blant anna fleksitid og høve til nokre dagar på heimekontor.
Kontorplass i Øystese saman med Øystese-teamet, og fleire gode kollegaer og fagleg nettverk på Voss og i Ulvik.
Fagleg og personleg utvikling. Tilbod om intern og ekstern kursing.
Moglegheit for å utforska nye ansvarsområde både internt og i Økoråd-kjeden.
Gode lønns- og pensjonsvilkår
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Rapportering
- Regnskap og bokføring
- Regnskapsavslutning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ØkoRåd-kjeda består av 40 rekneskapskontor med lokale avdelingar over heile landet. ØkoRåd Hardanger og Voss har avdelingar i Øystese, på Voss og i Ulvik. ØkoRåd leverer tenester innan økonomi. Rekneskap er vår kjerneverksemd.
Me er tett på kunden, og me er opptekne av personleg utvikling og trivsel på jobb.
- Sektor: Privat
- Sted: Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rekneskapsføring, regnskap, årsoppgjør, økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401644390
- Sist endret