LIS3 / overlege
Voss DPS NKS Bjørkeli
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som LIS / overlege
Vi har ledig 100% fast stilling ved Voss DPS NKS Bjørkeli og lyser etter LIS3, men vi er også interessert i eventuell overlege.
Som LIS hjå oss får du god tid til pasientretta arbeid, og du inngår i eit utdanningsløp med rettleiing, undervisning, fordjupingstid og kurs som er i tråd med løpet for å bli spesialist i psykiatri. Du får tilbod om individuell psykoterapirettleiing innan psykodynamisk terapi, og har moglegheit til å fordjupe deg vidare i psykodynamisk-, kognitiv- eller gruppe. Vi har stort fokus på undervisning og læring, og at du skal få gjennomført dei obligatoriske læringsaktivitetane du treng. Du kan ta fire år lokalt, og vi har avtale med Sandviken sjukehus om eitt års akutt-teneste. Dermed kan du få dekka alle læringsmål hjå oss. Arbeidstida som LIS er 08.00 til 15.30, og du inngår i ei vaktordning som for tida er sju-delt med heimevakt, og du vil alltid ha støtte frå erfarne kollegaer og bakvakt.
Du får halde deg oppdatert fagleg gjennom faste internundervisningar og felles kompetanseheving innan ulike tema. Du blir ein del av eit tverrfagleg team med dyktige fagpersonar, og får delta i faste behandlarmøter og mindre team med god tid til å drøfte saker og problemstillingar. Vi har gode ordningar for fordjupningsdagar og deltaking på kurs som del av spesialiseringa.
Vi har opne dører og tek godt imot nye tilsette hjå oss, og som eit mindre senter lærer vi kvarandre å kjenna. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø og fagmiljø, og alt frå faglitteratur til fjellsport blir diskutert over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre. Når vêret tillèt det nyt vi gjerne lunsjen ute i sola!
Som tilsett blir du godt kjend med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen, noko som passar godt då vi innehar miljøfyrtårn sertifisering.
Det er moglegheit for å få deler av reisetida inkludert i arbeidstida ved pendling, og me har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Du - fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske!
Har du norsk autorisasjon som lege, ønsker å spesialisere deg innan psykiatri (eller er ferdig med spesialisering), trivst med ein sosial gjeng og er glad i travle dagar, kan du vera akkurat den vi ser etter. Då du i stor grad styrer din eigen kvardag er det viktig at du er strukturert, kan planleggja godt og toler å stå i krevjande situasjonar. For å trivast hjå oss er det viktig at du liker tverrfagleg arbeid. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, eit godt arbeidsmiljø og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil vi gjerne høyra frå deg! Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.
Arbeidsoppgåver
Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar.
Tverrfagleg samarbeid internt og samarbeid med fyrstelinja.
Dokumentere ihht. interne retningslinjer og krav.
Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Rettleie fyrstelinja.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege er eit krav
Interesse for faget
Relevant klinisk erfaring er ønskeleg
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Gode samarbeidsevner
ALIS oppfordrast til å søke
Er du i LIS 1 forløp og ønsker fast stilling innan psykiatri kan det vere aktuelt for oss å tilsette også fram i tid
Me tilbyr
Stillingsbrøk 100%
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø
Kurs og rettleiing
Individuell utdanningsplan
Vekentleg rettleiing, undervisning og fordjupingstid
Fadderordning
Internundervisning og lokale rettleiingsgrupper
Moderne lokale
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Moglegheit for deler av reisetid i arbeidstid ved pendling
Trening i arbeidstida
Dokumentasjon skjer på valfri målform (nynorsk/bokmål)
Eit godt arbeidsmiljø
Ved spørsmål om stillinga kan du kontakte:
Vegard Kolve, direktør, tlf: 56514000, vegard.stalheim.kolve@bjorkeli.no
Anders Christensen, avdelingsleiar poliklinikk, tlf: 56514000, anders.ovsthus.christensen@bjorkeli.no
Tillitsvald DNLF / YLF: Solveig Andersen Styve, 56514000
Ferdigheter
- Dokumentasjon
- Klinisk pasientarbeid
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Sektor: Privat
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS, Overlege, Psykiater
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401749337
- Sist endret