Innkjøpsrådgjevar
NGIR
- Frist 27.4.2025
- Ansettelsesform Fast
NGIR søkjer ein engasjert Innkjøpsrådgjevar
Er du ein strukturert og målretta person med ein lidenskap for innkjøp og sirkulær økonomi? Ønskjer du å vere med på å forme framtida til ein viktig samfunnsaktør og bidra til berekraftige løysingar? Då er dette moglegheita du har venta på!
Om oss:
NGIR er i vekst, i takt med samfunnsutviklinga og lovgivinga rundt avfallshandsaminga, og søkjer vi no ein dyktig innkjøpsrådgjevar. Vi har eit sterkt fokus på sirkulær økonomi og samfunnsansvar, og arbeider kontinuerleg for å redusere miljøavtrykket vårt og fremje berekraftige praksisar.
Arbeidsoppgåver:
Som innkjøpsrådgjevar vil du gjennomføre anskaffingsprosessar i samsvar med lov og forskrift om offentlege anskaffingar, med eit spesielt fokus på berekraftige og miljøvenlege løysingar. Du vil utarbeide og oppdatere strategi for anskaffingar, i tillegg til å optimalisere arbeidsprosessar og rutinar med tanke på sirkulær økonomi. Du vil by på din fagkunnskap om innkjøp, og utforme innkjøpskontraktar og avtalar som støtter opp om samfunnsansvaret vårt. Vidare vil du formidle og implementere rammeavtalar til NGIRs einingar, fylgje opp innkjøpskontraktar og avtalar, inkludert oppdatering av interne kontraktar.
Du vil kontrollere fakturaer og utføre andre rekneskapsoppgåver, samt utføre førefallande sakshandsaming og administrativt arbeid.
Rapportering vil skje i samsvar med handlingsplanar, årsplanar og ved behov.
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har høgare utdanning innan innkjøps-, administrative eller økonomiske fag, og relevant erfaring innan innkjøp og kontraktsoppfølging.
Erfaring frå offentlege anskaffingar er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar:
Du bør vere resultat- og målorientert med høg nøyaktigheit, og ha god IT-forståing og evne til å setje deg inn i nye system.
Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både munnleg og skriftleg, og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ærleg.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr ei spennande og utfordrande stilling i eit dynamisk og innovativt arbeidsmiljø med konkurransedyktige vilkår. Du vil få moglegheit for personleg og fagleg vekst, og vere del av eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø der du kan utgjere ein forskjell. Hos oss vil du få moglegheit til å arbeide med sirkulær økonomi og bidra til berekraftige løysingar for regionen vår.
Om du ønskjer ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med økonomisjef Ove-Christian Fredriksen på tlf.nr: 918 62 394/56 34 33 17.
Søknad må sendast elektronisk via søkefunksjonen i utlysinga på finn.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Anskaffelser
- Forhandling og innkjøp av varer og tjenester
- Forsyningsledelse
- Innkjøpskontroll
- Økonomiske og administrative fag (AMO)
- Oppfølging av serviceavtaler
- Rapportering
- Strategisk innkjøp
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, og har til saman 100 tilsette og omset for om lag 199 millionar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
innkjøpsrådgjevar, offentlege anskaffingar, innkjøpskontraktar, samfunnsansvar, miljøvenlege løysingar
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402433252
- Sist endret