Dagleg Leiar
Avery Dennison NTP
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie vekst og utvikling i eit globalt selskap?
Vi søkjer ein strategisk og resultatorientert Dagleg Leiar
Avery Dennison NTP er på jakt etter ein erfaren og visjonær leiar med sterk kommersiell bakgrunn. I denne rolla får du eit stort ansvar for vidare vekst og utvikling i Noreg, med høve til å påverke både lokal og internasjonal retning.
🎯 Dine hovudoppgåver vil vere å:
Lede verksemda mot ambisiøse mål – både på kort og lang sikt
Utvikle og gjennomføre sal- og marknadsstrategiar
Bygge sterke team og sikre effektiv og lønnsam drift
Samarbeide tett med regionale og globale leiargrupper
Skape ei kultur basert på tillit, samarbeid og høg prestasjon
💼 Vi ser etter deg som har:
Minst 15 års relevant erfaring
Erfaring frå leiing av kommersielle team og strategisk utvikling
Gjerne ei relevant masterutdanning eller tilsvarande
Evne til å navigere i komplekse organisasjonar
Gode kommunikasjonsevner og sterk forretningsforståing
🌍 Hos Avery Dennison får du høve til å setje spor – i ei global verksemd som satsar på innovasjon, berekraft og menneske.
📩 Er dette noko for deg? Send oss ein søknad – vi ser fram til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Strategisk ledelse
- Utvikling og gjennomføring av markedsorienterte salgs- og promoteringskonsepter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.
Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 180 tilsette, fordelt over heile 24 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.
Les meir på www.ntp.no og www.averydennison.com.
- Sektor: Privat
- Sted: Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402869752
- Sist endret