Produksjonsarbeider
Brødrene Hjønnevåg AS
- Frist 19.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Hjønnevåg veks- er DU den vi ser etter?
Du kan då bli ein del av vår tradisjonsrike produksjonsbedrift i Uskedalen, Kvinnherad. Vår visjon er å vera den beste leverandøren av røykevarer og fiskemat på Vestlandet!
Vi har eit godt arbeidsmiljø og jobbar kvar dag hardt med kvalitet, berekraft, likestilling, helse, miljø og sikkerheit. Hos oss får du bare kjekke kollegaer i eit unikt produksjonsmiljø. Du vil få god opplæring og konkurransedyktige vilkår. Du kan også få moglegheit til å ta fagbrev.
Kvalifikasjonar
Erfaring frå matproduksjon er ein fordel, men vi vurderer også kandidatar med annan relevant erfaring
Du må gjerne ha fagbrev, men all relevant erfaring og kompetanse for produksjon blir vurdert
For å sikre effektiv kommunikasjon, er det nødvendig med gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk
Vi set pris på tilsette som har ei open og fleksibel tilnærming til jobben, og noko kveld- og helgearbeid (vaktordning) må påreknast
Stillinga krev evne til å håndtere tunge løft og utføre rutinearbeid
Du er strukturert, sjølvstendig, løysningsorientert og god på å prioritere og å håndtere fleire arbeidsoppgåver samtidig
Du har godt humør, er punktleg, ryddig og nysgjerrig, likar å utvikle deg og lære nye ting, samt har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Eit ekstra pluss er om du har teknisk kompetanse, truckførarbevis og bilsertifikat (klasse B)
Om Brødrene Hjønnevåg AS
Vi i Hjønnevåg jobbar kvar dag for å gje kundane våre livsglad mat frå Havet! Vi vektlegg kvalitet i alle ledd. Fleire av våre produkt er kåra til Norges beste i NM i sjømat. I vårt rikhaldige produktspekter finn du blant anna røykt makrell, krydderlaks, fiskepudding og fiskekaker av ulike variantar. Fiskematen blir laga på tradisjonsrike reseptar med fersk norsk fisk. Frå vår lokasjon i Uskedalen som ligg i vakre Kvinnherad-kommune, hentar vi inn dei beste råvarene frå heile landet til vår produksjon. Vi foredlar våre produkt på tradisjonelt vis. Til dette har vi gode og stabile fagarbeidarar som står på i ulike fagfelt.
Hjønnevåg ønsker å videreutvikle bedrifta på ein berekraftig måte i samspel med naturen og lokalsamfunnet. Vi jobbar med å redusere klimaavtrykket. Dette skjer gjennom stadig å forbedre produksjonsmetodar samt valg av råvarer, emballasje og logistikkløsningar.
Hjønnevåg har alltid hatt som målsetning å være blant dei mest innovative leverandørane i bransjen, derfor følgjer vi nøye med på alt som skjer i inn- og utland. Ein helt klar trend er auken innan lokalprodusert mat og drikke, og vi har vært heldige å få levere gode sjømatprodukter i dette segmentet i mange år.
For meir informasjon, søknad eller spørsmål, kontakt Marit: marit@hjoennevaag.com, telefon 41613870, www.hjoennevaag.com
Høyres dette ut som noko for deg? Send oss ein kortfatta søknad med oppdatert CV.
Søknadsfrist: 5. mai.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bli ein del av laget vårt. I så fall kan vi utvikle oss saman!
Ferdigheter
- Industriell produksjon
- Løfte tungt
- Nordisk spåk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Børnes 20, 5463 Uskedalen
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Produksjon, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fiskematproduksjon, filetering, sløying, pakking, røykeri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402915686
- Sist endret