Driftsoperatørar akvakultur / havbruksteknikk
Fylkesnes fisk
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Jobb i oppdrett / akvakultur i Sunnhordland.
Me er på jakt etter deg som ønskjer ein variert og fysisk arbeidskvardag, vil ha sjøen som arbeidsplass og gjerne har interesse for oppdrett av fisk.
Stillingane vil vera varierte og dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
dagleg arbeid på oppdrettsanlegg med fôring og røkt av fisk.
delta på havbruksoperasjonar som notskifte, avlusingar, ROV-handtering, mm.
Det viktigaste er at du er omgjengeleg, lærevillig og interessert. Du har gjerne bakgrunn frå akvakultur eller tekniske fag, og har førarkort for bil. Andre kurs er eit pluss (t.d. D6, kran, truck).
Me vektlegg gode samarbeidsevner, HMS-haldning og evne til å jobba sjølvstendig. Noko arbeid blir det på kveld, helg og natt – og det kan verta på kort varsel, så fleksibilitet er viktig.
Arbeidsplass vil i hovudsak vera ut frå våre lokalitetar nord og vest på Bømlo. Me legg vekt på ryddige arbeidsforhold med gode personalordningar og regelmessige sosiale arrangement.
Send søknad til post@ fylkesnesfisk.no snarast og seinast innan 11. mai 2025. Oppstart etter avtale.
Spørsmål? Kontakt dagleg leiar Erik Fylkesnes på tlf. 905 83 355.
Sjå ein liten filmsnutt om korleis me har det på jobb på:
https://www.youtube.com/embed/rr02H5zmRM0
Ferdigheter
- Drone ROV
- Fiske og akvakultur
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i brønnbåtselskap, slakting og forskingsarbeid.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Fylkesnesvegen 164, 5430 Bremnes
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
oppdrett, akvakultur, fôring, bømlo, havbruk
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 403171063
- Sist endret