Bildegalleri
Border Collie kvelpar
Beskrivelse av varen
6 fantastisk flotte og tillitsfulle kvelpar til salgs. Dei vart fødde 13/9-2019 og er difor leveringsklare fredag 8 november.
Det er 3 hannar og 3 tisper. Alle hannkvelpane er tricoulor og av tispene er 1 tricoulor, 1 med litt antydning, og 1 som er svart/kvit.
Alle er svært kontaktsøkande og godt vandt med barn i forskjellig alder. Ein begynner no å sjå litt forskjell på personlegheita til dei no. Begge foreldra er gode og aktive gjetarhundar.
Faren er etter god slekt og er registrert i NKK. Mora har og god slekt men på grunn av litt manglar i papira på slekta blei ho ikkje registrert. Vi har hatt fleire kull etter desse før og fått veldig gode tilbakemeldingar. Kvelpane er ikkje registrerbare og sidan foreldra er for mykje i slekt blir dei solgt til ein svært rimeleg pris. Det er i grunn "først til mølla" prinsippet eg brukar når eg skal selge noko, men det er ikkje sikkert det blir slik her for det er hundar som krev litt av eigaren det her og dei passar ikkje alle plassar og for kven som helst. Så difor vil eg vurdere kvar enkelt som ringer om det høyrest ut som ein bra plass å levere ein aktiv hund til. Ved eit kjøp gjev eg også 2 vekers "fornøyd garanti", viss det ikkje skulle klaffe heilt med kjøpar og kvelpen så tar eg den i retur og refunderar kjøpesummen. Så det er berre å ringe for ein hyggeleg hundeprat, så ser vi kva vi finn ut. (men du bør nok vere kjapp å sette deg på liste for desse sjarmtrolla blir nok fort solgt).
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.11.2019 kl. 12:30 ・ FINN-kode: 161763800