35 000 kr
![Nordlandshoppe selges!](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/1/vertical-0/12/0/335/876/880_855813282.jpg)
Mankehøyde: 146 cm
Sunny
Født: 25/07/06
Vallak
146 i mnk høgde
Oppfylt med alt av vaksiner og ormekur
Fjording blanding
Sunny har vert i mitt eige i 5år, han selgast pga tidsmangel og skule
Sunny selgast som hobbyhest.
Sunny er ein fantastisk fin hest som fortsatt har mykje å by på for rett rytter. Han er ein hest som alltid vil gjere sitt beste og er klar for nye utfordringar. Han er ein kosete hest som ein vil få mykje glede av.
Han har hoppa 1 meter på trening tilbake i 2020. Han er meir rutinert som dressur hest, så om man tar seg tid til å bli godt kjent med han blir han en super hest å jobbe med i kvardagen både i riding og på bakken!
I mitt eige har han starta LB i dressur og 60 cm sprang.
Han skal Ikkje starte noko meir stevne då han blir veldig anspent og stressa.
Han er ikkje 100% trafikksikker, men om ryttar er rolig gjer han Ikkje noko spesielt ut av seg. Han har vert med som handhest på tur utan problem. Han går fint på henger men kan bli litt utålmodig om man stå i ro for lenge. Han har vore tømmekøyrt, men kan ikkje køyrast sidan han er bakredd.
Han har blitt brukt til barneridning på Norsk fjordhestgard.
Han er høg på rang og trives best sammen med hopper. Når han står i paddokk må han ha skikkeleg
gjerde sidan han kan springe gjennom strømmtrå. På beite står han på strøm.
Sunny trenger ein erfaren ryttar som tar seg god tid til han og som ynskjer å bruke han i variert trening.
Han trenger mykje utetid og regelmessig trening.
Utstyr som følgjer med er sal, hodelag, dekken, bitt.
Det viktigaste for meg er at han får ein god heim.
Kun seriøse henvendelser over 18 år til 97486223 eller send melding her på finn.no
Videoar kan sendast om det er ønske om det
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 31.5.2024, 21:58 ・ FINN-kode: 305370402