12 500 kr
![Brudekjole Eleanor 2023](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2023/11/vertical-0/02/5/326/972/915_533666405.jpg)
Tilstand: Brukt
Størrelse: S (34, 36)
Eg sel min nydelege brudekjole!
Brudekjolen er frå Italia, frå merket Aurora Nicole AU12191. Den har lange blondeermer og slep. Kjolen blei kjøpt på Kristins brudesalong i Oslo i oktober 2020, og er brukt tre gonger, 14.08.2021, 25.06.2022 og 24.06.2023. Brud nummer to brukte ein annan kjole på festen, og hadde bare kjolen under vigsel og middag. Kjolen er tilpassa hos same skredder tre gonger, og held du til i Oslo gir eg gjerne kontaktinformasjonen hennar dersom du treng å tilpasse kjolen.
Kjolen er rensa etter siste bruk.
Eg brukte sko med 3-4 cm hæl og er 167 cm høg.
Kjolen er tilpassa litt i skuldrene og ermer, og utvida med 2 cm rundt midjen med originale blonder. Lengden er korta ned frå originalen med rundt 4 cm. Det er sydd inn ein BH, men den kan lett bli teken ut.
Nypris på kjole: ca 19 000.
Rens kr 2000.
Om ønskeleg, kan du få sløret med på kjøpet.
Håper nokon kan føle seg like fine på brullaupsdagen sin som eg gjorde!
Fotograf: Lars Kirkeby
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 11.6.2024, 17:57 ・ FINN-kode: 316607453