Bildegalleri
Sequential Prophet Rev2 Desktop 16 Voice Dave Smith med original eske
Beskrivelse av varen
Favorittsynthen til Thom Yorke, James Blake og Rival Consoles vurderes solgt grunna endra behov. Eg har original eske og straumkabel. Du får også med fleire sett patcher frå blant anna J3PO, Revfield m.m.
Dette er ein analog synth med heile 16 stemmer. Den er bi-timbral, og kan også brukes som to separate 8 stemmers synther. Med heile fire LFO'er per stemme og ein modulasjonsmatrise som kan knyte alt opp mot alt kan ein bruke fleire år med synthen og fortsatt oppdage nye sider. Dette er utvilsomt den analoge polysynthen som gir mest for pengene, ingen kjem i nærleiken.
Dersom du tenker at digitalt kontrollerte oscillatorer ikkje låter like organisk som VCO'er, anbefaler eg å sjekke ut dette: https://www.youtube.com/watch?v=m1kzNV_JK60&t=195s. Med denne metoden låter den minst like saftig som Prophet 6 osv, men med så mange fleire lydformingsmoglegheiter. Det er ingen gimmick, det gir synthen heilt nytt liv.
Videre kan synthen settes opp i binaural modus for magisk stereo slik vist her: https://www.youtube.com/watch?v=U8ur13KroFo.
Eg har sjølv testa ut begge deler, og det låter heilt fantastisk. Til slutt anbefaler eg også å sjekke ut denne, som godt viser kor levande lydlandskap ein raskt kan oppnå: https://www.youtube.com/watch?v=bcKdwkfyGBE&t=734s
Synthen er tilnærma strøken, med eit par svake/små merker i lakken slik avbilda. Den har berre stått trygt og rolig på bord i heimestudio, og har ingen feil meg kjent. Ta kontakt for ein prat om du har spørsmål.
Grunnen til at eg vurderer å selje den er behov for synth med keyboard.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.8.2024, 19:54 ・ FINN-kode: 339308842