38 000 kr
![Nydelig kaldblodshoppe](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/6/vertical-0/11/1/326/013/771_0a3b1a1e-3d33-484f-89df-1fc51f164e14.jpg)
Eg ser meg desverre nødt til å sette Kaldblodshoppa mi ut for salg viss rett person dukker opp.
HESTEN SKAL IKKJE I RIDESKULE ELLER TIL NOKEN UNDER 18 ÅR!
Nilette Vårberg (Nellie til daglig) er ei 13 år gammal Kaldblodshoppe. Ho blei brukt som travhest før eg kjøpte ho sommeren 2021, noke som ikkje fungerte.
I mitt eige har eg fokusert på å få ho avspendt då ho stresser ein del når ho blir ridd. Ho er ein meget følsom hest som treng en rutinert, uredd og rolig rytter som er flink å lese hesten. Dette er ingen førstegangshest.
Nellie er utrulig fin å ri på tur aleine då ho er ein uredd hest som er med på alt. På tur med andre kan ho fort bli litt sterk då ho har eit sterk konkurranseinstinkt, men spring ikkje avgårde. Galoppen er nydelig å sitte på og ho har ingen problem med å fatte galopp til tross for at ho er ein travhest.
På bane har eg jobba mest med å få ho i balanse og forstå dei ulike hjelperne. Det er mykje omskolering igjen, men ho har eit stort potensiale.
Dette er ei hoppa med fantastisk personlighet som ein kan ha det skikkelig gøy med!
Ho er nokså høg i rang og treng derfor stor plass rundt seg dersom ho skal stå ilag med andre hester.
Nellie er snill med både hovslager og vetrinær. Går rett på henger og står fint på stallgangen. Bryr seg ikkje om andre dyr og er snill med dei aller fleste.
Prestige Roma sal og anna utstyr kan følge med for 7000-,
Dette er ingen lett beslutning, så her er det viktig for meg at rett person dukker opp som kan gje Nellie det aller beste.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 3.7.2024, 08:52 ・ FINN-kode: 351374403