Bildegalleri
Komplett The Beatles: Rock band limited edition til ps3
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Type: Playstation
Komplett The Beatles: Rock band limited edition til ps3 i original boks.
Fantastisk artig spel, men har dessverre ikkje plass til det lengre. Dei komplette utgåvene av spelet er veldig ettertrakta ettersom dei ikkje har vore produsert på årevis.
Instrumenta er og kompatible med ein del av Guitar Hero spela (har testa sjølv), men kan ikkje garantere at det funker på alle.
Innhald:
1 trådlaust trommesett med trommestikker
1 trådlaus replika av Paul McCartneys Höfner gitar/bass med reim
1 kabla mikrofon med stativ
Dongle til alt (mikrofon, trommesett og gitar kan gå samla inn i ein enkelt usb-port i ps3-systemet).
7 postkort med motiv frå The Beatles
1 spel med cover
Det er ganske stort, så må hentast. Boksen har handtak, så det går greit å bære aleine.
Har stått lagra tørt og temperert i bod dei siste åra. Alt har dessutan blitt testa denne veka, og fungerar som det skal.
Trommesettet har litt misfarging inni batteriboksen, men fungerer framleis fint og har fått nye batteri. Sjekk bilder.
Det forrige komplette settet eg såg ute var det her til 3000,- :
https://www.finn.no/320840714
Er open for bud ved rask henting.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 13.7.2024, 19:09 ・ FINN-kode: 358397248