Bildegalleri
Superior X-Road Elite, str 58
Beskrivelse av varen
Sykkeltype: Cyclocross/gravel
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Veldig fin og solid sykkel selgast grunna flytting til Nord-Noreg og der behov for terrengsykkel i staden for gravel. Kjøpte denne sykkelen ny frå Birk Sport i juni 2023 og har brukt den 1 år til jobbpendling. Sykkelen har fungert heilt perfekt og framstår i god stand utan vesentleg slitasje, den har aldri vore i velt og oppbevart innandørs i garasje.
Dette er ein sykkel med aluminiumsramme som dermed er solid og held seg stiv i årevis. Rammestr 58 (XL) skal iflg produsent passe kroppshøgde 182-202cm, eg er 192cm og har opplevd den som heilt passeleg. Utstyrsgruppa (Shimano GRX) fungerar veldig presist og det er ein stor fordel å berre ha girveksling bake då trinna er passeleg store og du slepp ein ekstra gir å justere. Om du syklar på sti har du også betre bakkeklaring.
Sykkelen fungerar veldig fint også på vinterføre med piggdekk og har dermed eit veldig fleksibelt bruksområde. I vår er det skifta slitedelar (kjede, kranklager, bremseklossar, slangesett) og sykkelen framstår dermed i veldig god stand. Det einaste å bemerke er eit slitt bakdekk, men det kan eg evt skifte ut etter avtale.
Ta kontakt ved spørsmål. Sykkelen skal selgast før eg flyttar 26. juli, og selgast som sagt utelukkande på grunn av flytting.
Ny pris på Birk sport: kr 21 900
Meir info: https://birk.no/superior-x-road-elite-matte-sand-grey-gravelsykkel
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 8.7.2024, 19:01 ・ FINN-kode: 359976319