500 kr
![Innvendig glassdør](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/8/vertical-0/04/3/364/026/543_14af3d4c-8ad5-4339-aeaa-cbcf4ec8470b.jpg)
Stord
Tre store vindusruter og ei mindre rute i aluminiumsrammer med pakning. Dei store måler 113,5 x 94,8 cm. Det litle måler 53,4 x 95 cm. Dei store har fire skruvehol for montering. På det litle heng det ein del av ei hengsle. Det er nokre bruksmerke på rammene/pakninga, medan sjølve rutene er heilt utan merke.
Har stått lagra inne i fleire år. Planen var å bruka dei til eit minidrivhus, men motivasjonen stod diverre ikkje heilt i stil med kreativiteten denne gong. Kanskje du har ein minst like god ide og meir gjennomføringsevne. 😊
Sel dei fire rutene samla.
Rutene må hentast i Sagvåg.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 8.8.2024, 18:07 ・ FINN-kode: 360657930