4 000 kr
![Blinken stoler](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2023/10/vertical-0/12/8/323/810/978_1168050312.jpg)
To retro armstolar av legendariske Gerhard Berg for Stokke Fabrikker. Modellnamn "Aksla", i produksjon frå 1961 og utført i massiv palisander med puter trekt i hud.
Begge stolane har fått heilt ny innmat, nye seteband og er nyleg omtrekt i høvesvis svart og cognacfarga skinn. Svært god sittekomfort og perfekt til både skrivebordet, spisebordet og som avlastningsstol på til dømes soverom eller i gang. Stolane har òg nye tretappar i skruehola. Bla vidare for fleire bilete.
Stol 1 (svart hud) er i svært god vintage stand med normale bruksmerker for og patina for alderen. Ingen skader eller slitasje av betydning. Splitter ny innmat, gjordeband og trekk i semianilin hud.
Stol 2 (cognac hud) er i svært god vintage stand med normale bruksmerker og patina for alderen. Skinnet her er gjenbrukt og har derfor noko patina/bruksmerker (sjå bilete). Eitt avslag (eit par cm) av tre nederst på eine beinet, men av liten betydning ved normal bruk.
Seljast for 5800,- per stol eller 11.000,- for begge to. Må hentast i Buvika etter avtale. Eg kan vere hjelpsam med frakt i Trondheim og omegn mot eit lite tillegg. Kan elles sendast i store delar av landet med profesjonell sjåfør mot forskotsbetaling.
Meir om Gerhard Berg:
https://snl.no/Gerhard_Berg
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 23.7.2024, 20:37 ・ FINN-kode: 362157089