Bildegalleri
Det siste tungtvannet frå Rjukan
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny – Uåpnet/med lapp
Produksjonen av tungtvatn på Rjukan gjekk føre seg i perioden 1934 – 1989.
Den gjenstanden vi har for salg her, inneheld ein ampulle med tungtvatn levert av Hydro Rjukan i 1988. Partiet frå Hydro inneheldt i alt 300 ampullar og vart innkjøpt med tanke på ein framtidig produksjon av lokalt forankra suvenirar/handverksprodukt. Ampullane vart laga av Hydro sin eigen glasblåsar Roar Knudsen på Rjukan fabrikker og er påført Norsk Hydro sin garanti for innhaldet. Dette er såleis «original vare» og blir del av eit produkt som no er utført i kun 270 eksemplar.
Produktet vi leverar er utført i tre og messing og er gjeven fasong som ei bombe frå andre verdenskrig. Den gjev såleis eit konkret uttrykk for særleg den rolla eksporten av tungtvatnet fekk i etterkrigstida. Norsk tungtvatn inngjekk i program med mål om å utvikle kjernefysiske våpen.
Produktet leveras med fyldig historisk informasjon på norsk eller engelsk, og vil vera ein utmerka gåveartikkel til historieinteresserte personar.
Produktet er også ein unik suvenir frå Rjukan, og vart gjeven fyldig omtale på Nrk nett og tv i april 2024.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.8.2024, 07:55 ・ FINN-kode: 364608481
Mer som dette
5 000 kr
Tysk hjelm
12 500 kr
Betalt plassering