Bildegalleri
LG TV 42"
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Er du ein av dei få som ikkje er oppteken av at fjernsynet dekker ein heil vegg? Då kan dette vera produktet for deg: Me sel vårt ti år gamle LG 42 tommars fjernsyn, som er i svært god stand. Ulikt dei fleste brukte fjernsyn, er dette ikkje øydelagt av timevis med Premier Leage eller skiskyting (om du ser godt etter, vil du oppdaga at dei fleste fjernsyn billig til sals på finn.no har skytehol både frå skiskytingsmeisterskap, og bulkar som fylgje av mykje skalling under harde fotballkampar). Vårt fjernsyn er usedvanleg harmonisk, etter timevis med forfattarintervju og harmoniske dokumentarfilmar; det er heller ikkje prega av lange TV-seriar, som ofte fører til ein spesiell "fatigue" i brukte fjernsyn.
Ja, dette fjernsynet lever verkeleg opp til produsenten LG sitt slagord: Life's Good!
Fjernsynet vert levert komplett med instruksjonsbok, og fjernkontrollar utan sveittemerke; det seier seg sjølv at sjølve fjernsynet er like ripefritt som fjernkontrollen. Til sist er det bare å nemna at fjernsynet ikkje er brukt av personar under seksti år (i alle fall ikkje dei siste åra), og har vore i vårt eige sidan det var nytt.
Så ver velkommen og hent vårt pent brukte fjernsyn i bytte mot nokre lusne hundrelappar.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.8.2024, 19:07 ・ FINN-kode: 366774469