Bildegalleri
Knag møbler
Beskrivelse av varen
Me kjøpte inn desse møblane brukt og hadde tenkt å nytta dei i samband med nyåpning av overnattingstilbodet på gardsbruket vårt. Det var kjøpt inn litt for mange historiske møbler slik at me hadde litt å velge i når me skulle innrede.
Møblene kjem frå den kjente Bergenske møbelsnekkeren Christopher Severin Knag og er av eldre dato. Me kan ikkje garantere at dei er over 100år gamle, men me veit at han starta opp rundt 1880.
Uansett, desse møblane vart trekt om etter det eg fekk fortalt for ca. 20 år sidan, men stoffet var diverre i dårlegare kvalitet enn det oppdragsgivar fekk vite om. Stoffet var dyrt og omtrekkingen kosta over 20 000kr den gong (om eg huskar riktig).
Me ynskjer at nokon som har slike historiske møblar kjært vil ta seg av dei og trekke dei om på nytt med noko som passar dei gamle møblene. Dei kan lett vare i mange hundre år til og gå i arv sidan dei er av god kvalitet og er svært solide og sjølvsagt tunge ( alle møbler burde vore så gode at dei kunne gått i arv mtp dagens overforbruk)
Møblane er lagra tørt i garasjen til min mormor i Sævareid i påvente av nye eigarar.
Ring på tlf: 92401099 ved interesse.
Alt godt,
Fru Aarvik
www.aarvikgard.no
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 21.8.2024, 09:40 ・ FINN-kode: 366836719