Bildegalleri
Skysstell og skysstasjonar i Gudbrandsdalen
Beskrivelse av varen
Skysstellet, den gamle transportordninga for reisende før bilen og jernbanen kom, er eit tema som det er skrive lite om både i rikshistoria og lokalhistoria. Dette kan vi undre oss over når vi ser kor viktig ordninga med skysstellet var på mange område.. Det var vesentleg for administrasjonen av landet at embetsmenn kunne reise. Det var avgjerande for framveksten av turismen på 1800-talet at turistane fekk transport også i innlandet, ikkje berre med båtar langs kysten. For dei fastbuande bøndene var skyssplikta ei plage. Men med opprettinga av dei faste skysstasjonane var skysstellet også ei kjelde til inntekt for mange. På skysstasjonane vart det bygd store hus som seinare var opphav til hotell og reiseverksemder.
Ikkje minst i Gudbrandsdalen er historia om skysstellet eit spennande tema. Dalen var ei hovudferdselsåre gjennom landet, og fleire av dei mest kjente skysstasjonane i landet låg her. Skysstasjonane var ofte avgjerande for kvar dei seinare jernbanestasjonane vart lagt, og dermed styrande for framveksten av tettstadene i dalen.
Skysstellet og skysstasjonane var eit sentralt tema i dei mange reiseskildringane som vart skrivne på 1800-talet. Likeeins var dette mykje brukte objekt for kunstnarar og fotografar som reiste gjennom landet på denne tida.
Denne boka er den første samla framstillinga av dette temaet i Gudbrandsdalen og er rikt illustrert med teikningar og fotografi.
Boka har 128 sider, og ble utgitt i 2009.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.10.2024, 12:34 ・ FINN-kode: 373649389