Seniorrådgjevar - myndigheitskontakt
Universitetet i Bergen
- Frist 1.6.2022
Seniorrådgjevar - myndigheitskontakt
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)
Seniorrådgjevar - myndigheitskontakt
Ved Universitetsdirektørens kontor er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar med myndigheitskontakt og rådgjeving mot universitetsleiinga som særleg arbeidsområde.
UiB er eit universitet midt i Norges nest største by, og er Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi vil at UiB skal vera ein initiativrik og utoverretta institusjon. UiB vil difor styrke universitetet si regionale og nasjonale rolle. UiB har solide ressursar og samarbeidsrelasjonar, mange kunnskapsklynger og eit godt rammeverk som grunnlag for dette arbeidet. I Kunnskapsbyen Bergen vil universitetet saman med andre kunnskapsinstitusjonar, det offentlege og næringslivet arbeida målretta for å markera Bergen som ein internasjonal kunnskaps- og kulturregion. Vi vil også utvikla møteplassar og løysingar som gjer det lettare for interessegrupper, næringsliv og offentleg sektor å komme i kontakt med fagmiljø og studentar ved UiB.
Seniorrådgjevaren skal være ein viktig bidragsytar i arbeidet med å følgje opp desse ambisjonene i godt samspel med universitetsleiinga, fakultet og fagmiljø ved UiB, og med eksterne aktørar.
Arbeidsoppgåver:
Vedkommende vil få et særlig ansvar for å utvikle universitetets myndighetskontakt i tett samarbeid med rektor, universitetsdirektør og Kommunikasjonsavdelinga. Eitt av hovudprosjekta vil i første fase vil vere arbeid med å synliggjere og utvikle kunnskapsbyen Bergen regionalt og nasjonalt saman med andre aktørar i byen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på mastergradsnivå er ønskeleg, men relevant realkompetanse med myndigheitskontakt på høgt nivå kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan kompensere for utdanningskravet
- Eit stort profesjonelt nettverk, innsikt i politiske prosessar regionalt og nasjonalt, dokumenterte resultater fra arbeid mot myndigheiter og beslutningstakarar
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
- Erfaring med arbeid i eller tett på leiargrupper
- Evne til å arbeide sjølvstendig og resultatorientert.
- Erfaring med prosjektleiing er ein fordel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Det blir lagt stor vekt på de personlige kvalifikasjonene som er nødvendige for stillinga.
Vi kan tilby:
- Et godt og faglig utfordrende arbeidsmiljø tett på universitetsleiinga
- Stor fridom til å utvikle eiga stilling med utgangspunkt i universitetets ambisjonar og mål
- Lønn i stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) etter lønnstrinn 86-90 (for tida kr. 977 600 - 1 076 500) . For spesielt kvalifiserte søkere kan det vurderast høgare løn
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i en inkluderende arbeidslivsvirksomhet (IA-virksomhet)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: ass. universitetsdirektør Tore Tungodden, tlf. 97557140/epost: tore.tungodden@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter de retningslinene som til einkvar tid gjeld for stillinga.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Prosjektledelse, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 258837325
- Sist endret