Prosjektmedarbeidar Rus og vald
Helse Bergen
- Frist 21.2.2020
Prosjektmedarbeidar Rus og vald
Vi søkjer ein fagperson med erfaring frå arbeid med rus og vald.
RVTS Vest dekkjer fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre team som jobbar med flyktningehelse og tvungen migrasjon, vald- og seksuelle overgrep, og sjølvmordsførebygging. Oppgåva vår er å samordne og styrkje kompetansen på desse problemområda gjennom konsultasjon, undervising og nettverksbygging.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga skal leie arbeidet i regionen med utvikling av kunnskapsmodul for basiskartlegging i det nasjonale prosjektet for samtidig behandling av rus og vald. https://rvtsmidt.no/kompetanseheving/prosjekter/kompetanseutvikling-rus-og-vold/. Jobben skal utførast i tett samarbeid med KoRus Bergen og Korus Stavanger, og i dialog med sentral prosjekteigar i midt Noreg
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på masternivå eller høgare
- Erfaring frå arbeid med rus og vald er nødvendig
- Prosjekterfaring er høgt prioritert
- Gode evner til munnleg og skriftleg formidling
- Gode samarbeidsevne og evne til å jobbe både individuelt, tverrfagleg og i team
- Kjennskap til relevant forsking og kunnskapsstatus på fagområdet
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Du arbeider strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig
- Vere ein god lagspelar og alliansebyggjar
- Evne til gjennomføring
Vi tilbyr
- Stor fridom til å utforme eigen arbeidskvardag
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit spennande fagmiljø
- Lønn etter Helse Bergen sitt avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sted: Ulriksdal 2, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Prosjektledelse, Psykolog
Nøkkelord
Prosjekt, Rus, Vold, Kartlegging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 169865297
- Sist endret