Leder
Adecco Sogndal
- Frist 9.12.2018
Ynskjer du å jobba som dagleg leiar for Sogn Næring AS?
Sogn Næring AS er ein næringsselskap som er eigd av kommunen og næringslivet i fellesskap. Selskapet si viktigaste oppgåve er å skape fleire arbeidsplassar i eigen region. Verksemda skal drive næringsutvikling gjennom å bidra til nyetableringar, hjelpe eksisterande verksemder skape møteplassar som stimulerer til vekst og utvikling, både hjå offentlege- og private aktørar. Sogn Næring AS er regional vert for inkubatorverksemda til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Verksemda held til i Innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus i Sogndal.
Selskapet er i sterk vekst og me har behov for fleire kompetente medarbeidarar.
Dagleg leiar
Fast stilling som dagleg leiar (100%). Rask tilsetjing er ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og representere selskapet
- Ansvarleg for samfunnskontakt, PR og marknadsføring
- Kontakt og oppfylging av oppdragsgjevarar
- Prosjektutvikling og prosjektleiing
- Strategi og nettverksarbeid
- Eigarkontakt
- Utviklingsarbeid generelt
- Forvaltningsoppgåver
- Navigera selskapet i landskapet mellom fag, politikk og strategi
Ynskjeleg kompetanse:
- Du må vere utviklingsorientert, uredd og målretta
- God IT-kunnskap og bruk av sosiale medier
- Kompetanse innan økonomi
- God på nettverksbygging og relasjonar
Krav til kompetanse:
- Leiarerfaring frå privat og/eller offentleg verksemd
- God kjennskap til lokalt næringsliv samt lokale, regionale og nasjonale utviklingsaktørar
- Relevant høgare utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensera for krav til utdanning
- Nynorsk, skriftleg og munnleg
- Kunnskap om innovasjonsprosessar og utviklingsaktivitet
- Eit brennande ynskje om å bidra til nyskaping og utvikling i regionen
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som at du er engasjert og initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er sjølvstendig og strukturert.
Me tilbyr:
- Varierte og utfordrande oppgåver
- Dagleg kontakt med både verksemder, gründerar, bank, finans, verkemiddelapparatet, fylkeskommunal- og kommunal forvaltning og FoU miljø
- Spanande utviklings- og innovasjonsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Mogleg med heimekontor, fri telefon og internett
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheita til trening i arbeidstida
Søknadsfrist 9.desember. Kandidatar vert vurdert fortløpande.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med konsulent i Adecco, Renate Buene. Tlf: 48042001 eller på mail: renate.buene@adecco.no
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn, X
- Sted: SOGNDAL, 6856 Sogndal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom, Markedsføring og annonsering
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Prosjektledelse
Nøkkelord
næringsutvikling, leder, dagligleder, samfunnskontakt, markedsføring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 134868489
- Sist endret