Fagtilsett RVTS Vest - Barn og traumer
Helse Bergen
- Frist 28.2.2020
Fagtilsett RVTS Vest - Barn og traume
Vi søkjer ein erfaren fagperson med kjennskap til kommunalt arbeid med utsette barn, unge og familiar.
RVTS Vest dekkjer fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre team som jobbar med flyktningehelse og tvungen migrasjon, vald- og seksuelle overgrep, og sjølvmordsførebygging. Oppgåva vår er å samordne og styrke kompetansen på desse problemområda gjennom konsultasjon, undervising og nettverksbygging.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga skal styrkje senteret sitt arbeid med tverretatlege kompetanseprogram i kommunane. Dei tilsette i senteret må kunne leie og bidra med undervising og rettleiing i slike program.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Utdanning eller spesialisering om traume
- Erfaring frå kommunalt arbeid med barn
- Rettleiings- og undervisingskompetanse
- Erfaring med digitalisering er ønskjeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Omstillingsvilje
- Ansvarskjensle for eigne og senteret sine prosjekt
Vi tilbyr
- Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
- Kultur for fagleg og personleg utvikling
- Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
- Løn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sted: Ulriksdal 2, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Prosjektledelse, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Barn, Vold, Traumer, Kommune, prosjekt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 169865162
- Sist endret