Senior konsulent
Adecco Sogndal
- Frist 9.12.2018
Seniorrådgjevar for Sogn Næring AS, noko for deg?
Sogn Næring AS er ein næringsselskap som er eigd av kommunen og næringslivet i fellesskap. Selskapet si viktigaste oppgåve er å skape fleire arbeidsplassar i eigen region. Verksemda skal drive næringsutvikling gjennom å bidra til nyetableringar, hjelpe eksisterande verksemder skape møteplassar som stimulerer til vekst og utvikling, både hjå offentlege- og private aktørar. Sogn Næring AS er regional vert for inkubatorverksemda til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Verksemda held til i Innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus i Sogndal.
Selskapet er i sterk vekst og me har behov for fleire kompetente medarbeidarar.
Seniorrådgjevar
Fast stilling som seniorrådgjevar (100%). Rask tilsetjing er ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver:
- Prosjektutvikling og prosjektleiing
- Forvaltningsoppgåver
- Samfunnskontakt
- Kommunikasjonsoppgåver
- Utviklingsarbeid generelt
- Sekretariatsfunksjonar
- Førebu og halda foredrag
Ynskjeleg kompetanse:
- God IT-kunnskap og bruk av sosiale medier
- God kjennskap til lokalt næringsliv
- Kjennskap til lokale, regionale og nasjonale utviklingsaktørar
- Du må vere utviklingsorientert, uredd og målretta
- Erfaring med prosjektøkonomi
- God på nettverksbygging og relasjonar
Krav til kompetanse:
- Relevant høgare utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensera for krav til utdanning
- Nynorsk, skriftleg og munnleg
- Kunnskap om innovasjonsprosessar og utviklingsaktivitet
- Kjennskap til gjennomføring av rapportering til offentlege instansar
- Eit brennande ynskje om å bidra til nyskaping og utvikling i regionen
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som at du er engasjert og initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er sjølvstendig og strukturert.
Me tilbyr:
- Varierte og utfordrande oppgåver
- Dagleg kontakt med både verksemder, gründerar, bank, finans, verkemiddelapparatet, fylkeskommunal- og kommunal forvaltning og FoU miljø
- Spanande utviklings- og innovasjonsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Mogleg med heimekontor, fri telefon og internett
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheita til trening i arbeidstida
Søknadsfrist 9.desember. Kandidatar vert vurdert fortløpande.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med konsulent i Adecco, Renate Buene. Tlf: 48042001 eller på mail: renate.buene@adecco.no
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn, X
- Sted: SOGNDAL, 6856 Sogndal
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Konsulent, Prosjektledelse
Nøkkelord
rådgiver, seniorrådgivning, prosjektutvikling, samfunnskontakt, forvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 134868490
- Sist endret