Politiskrådgivar/ Gruppesekretær
MDG Vestland
- Frist 31.3.2020
- Ansettelsesform Fast
Politiskrådgivar/ Gruppesekretær for MDG Vestland
Stilling ledig: Gruppesekretær / politisk rådgivar
Miljøpartiet Dei Grøne gjorde eit godt val i Vestland fylke, og partiet har no fem representantar i Vestland fylkesting. For å bistå politikarane i det praktiske arbeidet og med å utvikle ny, god og grøn politikk, søkjer vi no etter gruppesekretær / politisk rådgivar i 100 prosent stilling. Det er førebels eit åremål på fire år, men med moglegheit for forlenging. Sekretæren / rådgivaren vil jobbe direkte under gruppeleiaren som også er fylkesvaraordførar. Stillinga vil vere ein sentral del av det politiske arbeidet i den nye fylkeskommunen.
Eigenskapar
- God oversikt og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Læringsvillig
- Generelt god digital forståing
- God formidlingsevne
- Høg motivasjon og arbeidskapasitet
- Gode samarbeidsevner
Kvalifikasjonar
- Erfaring med og god kompetanse på dokumenthandtering
- Innsikt i politikk og evne til å skrive politiske forslag
- Fagkunnskap som er relevant for arbeidet i fylkestingsgruppa
- Erfaring frå organisasjonsarbeid
- Erfaring frå publisering av nettartiklar og redigering av bilder
- Gode kunnskapar om sosiale medier
- Grunnleggande kunnskap om videoproduksjon er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både nynorsk og bokmål
- Medlemskap i partiet er ikkje ein føresetnad for å søke, men du må kunne stå inne for partiet sitt verdigrunnlag og politiske profil
Arbeidsoppgåver
- Bistå i utforming og oppfølging av planar og strategiar
- Førebu møte i utval og fylkesting
- Saksutgreiing
- Innkalling og avvikling av møte i fylkestingsgruppa
- Sekretærarbeid i ulike utval
- Bistå medlemane i gruppa med innhenting av fakta og skriving av innlegg i media
- Oppdatere nettsider
- Føre regnskapet for gruppa
- Halde kontakt med medlemane i gruppa og med relevante eksterne organisasjonar
- Delta i samarbeidet med dei andre politiske partia på fylkestinget
- Samarbeide og sikre koordinering med partiorganisasjonen lokalt og nasjonalt
Vi tilbyr
- Stillingsomfang: Heiltid
- Lønn etter avtale
- Arbeidsstad: I utgangspunktet fylkeshuset i Bergen, men andre geografiske stader er mogleg om det er naudsynt av praktiske årsaker
Søknadsfrist: 31. mars 2020
Oppstart etter avtale.
Vil du ha meir informasjon om stillinga kan du ringe gruppeleiar Natalia Golis tlf. 908 70 491 eller Mona Høgli tlf. 958 90 468
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Sandslihaugen 30, 5020 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Rådgivning, Sekretær
Annonseinformasjon
- FINN-kode 172732437
- Sist endret