Skipsingeniør
BRØDRENE AA AS
- Frist 16.9.2020
- Ansettelsesform Fast
Brødrene Aa søkjer skipsingeniør
Vi søkjer skipsingeniør som skal være ein del av engineeringsteamet vårt.
I ditt arbeid vil du bidra til utvikling av innovative løysingar som skal forbetre produkta våre og styrke bedrifta sin posisjon posisjon for framtidas krav og forventningar. Brødrene Aa har eit kompetent engineeringsteam som avdeling består av 18 personar og dekkjer fagområder som skipsdesign, elektro, rør og automasjon.
Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstjenester -inkludert produktutvikling og design, engineering og produksjon av komplette fartøy.
Arbeidsoppgåver:
• Bidra til nytenking og innovative løysningar
• Utarbeide klasseteikningar og produksjonsteikningar
• 3D modellering
• Utarbeide manualar som skal følge fartøy
• Utarbeide byggespesifikasjonar
• Utarbeide fartøyanalysar og rapportar
• Samarbeid med produksjons- og innkjøpsavdelinga
• Medverke til å sikre kvalitet i prosjektleveransen i tråd med til målsetting på avdeling og
selskapsnivå.
Vi brukar Rhino, AutoCad og MC Office programvarer.
Utdanning:
Vi søkjer kandidat med utdanning som ingeniør eller sivilingeniør frå høgskule eller universitet innan fagområda marin eller skipsteknikk
Arbeidserfaring:
Det er ønskjeleg med 3-5 års erfaring med komposittfartøy og kjennskap om reglane til anerkjente klasseselskap (DNV-GL og HSC-2000), særleg innan fagområda design, struktur, stabilitetsberegning og skrogberegning.
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Sjølvstendig og ansvarsbevvist
Initiativrik
Løysings- og resultatorientert
Gode analytiske evner
Systematisk og nøyaktig
God framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi kan tilby:
Spennande arbeidsoppgåver med tett prosjektarbeid
Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer, fleirkulturelt
Forsikrings- og pensjonsordningar (AFP og OTP)
Arena for personleg utvikling i et hektisk miljø
Om arbeidsgiveren
Vår målsetting er å være ein føretrekt leverandør av passasjerbåtar i karbon, i ein internasjonal marknad.
Vårt omdømme er essensielt for å tiltrekke oss attraktive kundar, samarbeidspartnerar og andre viktige interessentar. Vår integritet oppnår vi gjennom våre tilsette sin kunnskap og kompetanse om materialar, teknologi, bærekraftige løysingar og design.
- Sektor: Privat
- Sted: Hyevegen 1763, 6829 Hyen
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Marinteknikk / Naval architecture, Strukturingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 189171757
- Sist endret