Inaktiv
Maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sykkylvsfjord
Fjord1 ASA
- Frist 27.9.2020
Maskinsjef i sambandet Stranda - Liabygda, p.t MF Sykkylvsfjord
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig 2 stillingar som maskinsjef i sambandet Stranda - Liabygda, p.t MF Sykkylvsfjord med snarlig oppstart.
Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift.
Søkjar må bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at sikkerhetsstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift
Om arbeidsgiveren
Fjord1
ASA har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande
ferjeselskapet i Norge. Fjord1 har også aktivitet knytt til hurtigbåt,
catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med
store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg
og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i
verdsklasse. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1200 tilsette i
selskapet.
- Antall stillinger: 2
- Sted: 6200 Stranda
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 190694739
- Sist endret